Reinhaldar, vikariat sone Rauland
Reinhald og tekstil, Vinje kommune
Rjukanvegen 7, 3864 Rauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldar, vikariat sone Rauland
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du ein detaljorientert og påliteleg kollega som likar reinhald og sjå eit umiddelbart resultat av arbeidet du gjer? Vil du bidra til eit reint og triveleg miljø for dei som brukar kommunale bygg? Då er du den me leitar etter!
Reinhald og tekstil søker reinhaldar, for tida i sone Rauland i inntil 120 %. Ein del av stillinga kan kombinerast med 35 % fast stilling som er utlyst i sone Rauland. Delar av vikariatet kan bli forlenga ved behov.
Me yter reinhaldstenester til alle skular, barnehagar, sjukeheim, kontorarbeidsplassar m.m. Me held oss oppdatert med moderne reinhaldsutstyr. For å ivaretaka deg som tilsett, er me oppteken av god ergonomi, å tilpasse arbeidsutstyr og arbeidstilhøve for å styrkje det fysiske arbeidsmiljøet og redusere arbeidsbelastning. Reinhaldsfaget er variert og gjev deg god fysisk aktivitet gjennom arbeidsdagen.
Reinhaldsavdelinga er organisert i team. Me er opptekne av å hjelpe kvarandre for å gje gode tenester.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald av t.d. wc, basseng, garderobar og dusjar (sanitæranlegg)
- Dagleg reinhald av store flater og inventar
- Smittereinhald ved behov
- Periodisk reinhald og hovudreingjering
- Utføre arbeidsoppgåver etter reinhaldsplanar
- Samarbeid med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg
- Påfyll av t.d. såpe- og papirdispenserar, handtering av restavfall m.m
- Bruk av golvvaskemaskiner og reingjering/vedlikehald av desse
- Setje deg inn i, og bruke kommunen sitt verktøy for internkontroll
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan fagområdet er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring innan fagområdet
- Fordel med reinhaldserfaring innan skule og barnehage
- Fysisk god helse: kunne gå mykje i løpet av dagen, gå i trapper, bere/lyfte varer og utstyr
- Du må utføre arbeidsoppgåver etter god ergonomi
- Forstå og snakke godt norsk
- Førarkort klasse B
- Må kunne disponere eigen bil
- Krav til politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode haldningar og evne til å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar
- Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team
- Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov
- Vere merksam på detaljar og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene
- Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine
Me tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
- Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen, ergonomisk og psykososialt
- Løn etter KS tariff og lokal lønstabell
- Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene
- Gode barnehagetilbod
- I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
- I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
Kontaktinformasjon
Signe Bjørg Solberg, Verksemdsleiar reinhald, +47 90010867Arbeidsstad
Rjukanvegen 73864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4976195710
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 18.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 10.06.2025
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
60a182a5-0892-43ff-a085-73c2928c97e6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c5c666acb321416b9e053b81bcddc24e