Arenavert - Kulturarena – inntil 100% fast
Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. september
Har du eit brennande hjarta for kultur og aktivitet? Er du uredd og ansvarsmedviten? Er du motivert for å skapa buglede i kommunen vår? Vi treng positive og inkluderande sjeler til Kvinnherad Arena og Kulturhuset Husnes.
Til Kvinnherad kommune si avdeling «Kulturarena» søker vi etter deg som vil jobbe med kultur og aktivitet. Avdelinga har to lokasjonar som vert drifta saman; Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Arena.
Delar av kommunen sine kulturtenester er under omorganisering. Denne stillinga er ny og kjem som eit resultat av dette.
Vi søker etter medarbeidar(ar) inntil ei samla ramme på 100 % stillingsressurs. Det kan vera ei full stilling på 100%, eller to deltidsstillingar. Kommunen har heiltid som føretrekt løysing. Men nyttar også deltid etter vurdering av tilsette sine ønske og behov og naudsynt fleksibilitet i tenestene. Skriv difor i søknaden kva stillingsstorleik som er ønskjeleg og passar deg best, og i kva grad du er fleksibel om dette.
Hovudsakleg vil denne stillinga ha arbeidsstad i Kvinnherad Arena, men også tidvis i Kulturhuset Husnes. Til kulturtenestene våre ligg også oppgåver som må gjerast på kveld og i helg, og det kan vere variasjonar etter årstider, ferietider og anna.
Avdeling Kulturarena skal tilby:
kroppsøvingslokale for skuleelevar og barnehagebarn i området
arrangementsstader for, og samarbeid med, lag, foreiningar og næringsliv
sosiale møteplassar og viktige brikker i barns oppvekstvilkår
oasar for fysisk og kulturell utfalding for barn og vaksne
arrangement, film og kino
kulturelle storstover
fasilitetar for breiddeidrett og toppidrett
ressursar for kommunale tenester elles
Du skal, saman med dei andre tilsette, omsetje måla til praktisk handling.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
teknisk oppfølging, booking og utleige
medansvar for planlegging, programmering og gjennomføring av tilboda
halde god kontakt med brukarar, samarbeidspartnarar og fagmiljø
vere godt vertskap og ein god medspelar
bygge aktivitet som t.d. kultur- og idrettsarrangement, møte, konferansar mm.
koordinere med andre kommunale tenester
vere med å vidareutvikle aktivitetar, organisering og lokala
vera arrangementsansvarleg og kontaktperson
opplæring og oppfølging av kundar
servering og sal
Ønskte kvalifikasjonar:
relevant fagkompetanse eller utdanning (arbeidserfaring og anna kunnskap kan vege opp for manglande utdanning)
relevant arbeidserfaring (t.d. koordinering/vertskap/servering/arrangør/driftsoperatør)
god kjennskap og erfaring frå kulturliv og idrettsrørsle
kjennskap til aktivitetsbiletet i Kvinnherad Arena og Kulturhuset Husnes
gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, både norsk og engelsk, og skriv godt nynorsk
førarkort klasse B og evt. truckførarprov
Ønskte personlege eigenskapar:
stort engasjement og sterk motivasjon
ein iverksetjar og relasjonsbyggjar, diplomatisk og sterk på samarbeid
trivst med å vera synleg og er entusiastisk og kontaktskapande
kreativ, løysingsorientert og ansvarsfull
fleksibel når det gjeld arbeidstid
kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar der det trengs
Vi tilbyr:
ei sjølvstendig, spanande og utfordrande stilling
varierte og interessante arbeidsoppgåver
fleksibel arbeidstid
løn etter kvalifikasjonar og avtale
gode pensjons- og forsikringsordningar
dekking av flytteutgifter etter nærare reglar.
Arbeidsstaden er for tida Kvinnherad Arena, Husnes. Men også tidvis Kulturhuset Husnes.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
602fcd40-4c47-458f-8843-fc7b328cda88
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3536091_225971_nn