ID 2095 Nattevaktstillingar i avdeling bufelleskap - Psykisk helse og rus
Stord kommune
5417 Stord, Stord
Om jobben
Stillingstittel
helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sosialfagleg utdanning, studentar innan helse og sosialfag.
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 75%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Antall stillinger
2
Eining for psykisk helse og rus omfattar ulike tilbod, som Dagsenter, Bufellesskap og Oppsøkande team til personar frå 18 år og oppover med rus- og/eller psykiske vanskar.
Me har brukar i fokus, kan tilby eit mangfald i arbeidsoppgåver, arbeid i fagteam, samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre tenester, og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
Eininga har ledig 75% fast og 65% vikariat natt i avdeling Bufellesskap. Stillingane er i turnus. Tilsetting snarast etter avtale.
Me søkjer etter deg som:- har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
- er positiv, engasjert, initiativrik og strukturert
- veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
- vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit.
- Søkjar må ha sertifikat.
- Menn vert oppmoda til å søkje.
- Helsefagarbeidarutdanning. Studentar innan helse og sosialfag kan og søkje.
- Erfaring innan psykisk arbeid
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal,
- Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til einingsleiar Diana Bergeland tlf 952 43 278 eller avdelingsleiar Bufellesskap Ina Blikra Valvatna tlf 907 31 606.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2441313
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
60109ee2-963d-441f-9ab7-9c93921132f3