Hopp til innhold

Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Vikariat 100 % Vernepleiar / Sjukepleiar Pollhaugen bu-tiltak
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 22. april

Om avdelinga

Pollhaugen er eit bu-tiltak med ni personar som bur i eigne bustader. Dei har ulike behov for støtte og helsehjelp, samt ulike diagnosar.

Pollhaugen ligg sentralt i Straume-området, nær kollektivtransport og kommunedelsenter. Vi er ei tverrfagleg gruppe med vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Målet vårt er å gje kvar bebuar ein aktiv og meiningsfull kvardag med trivsel, sjølvråderett og meistring.

Arbeidsoppgåver
  • Utføra målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk støtte og helsehjelp.
  • Dokumentera i fagjournal.
  • Koordinera og leggja til rette tenester.
  • Ha medisinsk ansvar.
  • Følgja opp oppgåvene til primærkontakt, mellom anna oppfølging av tenestemottakar, kontakt med pårørande, tiltaksplanar og kartlegging.
  • Organisera arbeidsplan.
  • Arbeida med autismevenleg kommunikasjon og tilnærming.
  • Følgja opp vedtak om bruk av tvang i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Kvalifikasjonar
  • Vernepleiar eller sjukepleiar.
  • God kompetanse i arbeid med personar med autisme.
  • God kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Kompetanse på medikamenthandtering.
  • Evne til å koordinera, kartleggja og leggja til rette tenester for personar med utviklingshemming.
  • Gode norsk­kunnskapar, skriftleg og munnleg.
Ønskjeleg med:
  • Førarkort klasse B.
  • Personlege eigenskapar
    • Evne til å samarbeida og arbeida sjølvstendig.
    • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
    • Evne til nytenking og utvikling av tenesta.
    • Engasjement for fag og brukargruppa.
    • Evne til å byggja gode relasjonar.

    Personlege eigenskapar vert vektlagde.

    Anna:

    Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

    Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

    Du må leggja fram gyldig politiattest ved tilsetjing.

    Arbeid kvar tredje helg, med kombinasjon av langvakter og ordinære vakter opptil 13,5 timar.

    Vikariatet gjeld til og med 01.04.2027. 

    Vi tilbyr:
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
    • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
    • Ein meiningsfull og gjevande arbeidskvardag.
    • Varierte og interessante faglege utfordringar.
    • Høve til fagleg og personleg utvikling.
    • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån.
    Kontakt
    • Fredrik Degerman, avdelingsleiar Pollhaugen – mobil 488 60 948
    • Kristin Straume, einingsleiar MMNF – mobil 997 99 526

     

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Kristin Straume

    +47 99799526

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    60040734-6d03-48a1-890b-4c51d52bb8a5

    Sist endret

    7. april 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3614513_192845_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser