Helsesekretær og sekretær til faste stillingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær og sekretær til faste stillingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig 100% faste stillingar ved desse avdelingane:
- Medisinsk klinikk
- Dokumentasjonavdelinga med arbeid i Mottaksklinikken/Akuttmottak
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Medisinsk klinikk tar i mot pasientar for utgreiing og behandling av indremedisinsk sjukdom (link til web-side: https://www.helse-bergen.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/). Vi legg stor vekt på det tverrfaglege samarbeidet i Medisinsk klinikk, og sekretærane våre har ein helt sentral rolle både i drift og utvikling. Sekretærane våre har varierte oppgåver, og for ein del medarbeidarar inkluderar det og blodprøvetaking. Vi treng fleire prøvetakarar og det er eit krav at ein anten er autorisert helsesekretær eller har erfaring med blodprøvetaking frå tidligare. Stillinga har dagarbeid.
Kontakt: Rikke Larsen Tøndel 99225075
Dokumentasjonsavdelinga med arbeid i Mottaksklinikken/Akuttmottak ivaretar merkantile funksjonar i Mottaksklinikken, mellom anna ved å registrere øyeblikkelig hjelp (ØH) pasientane i pasientjournalsystemet DIPS, handtering av telefonhenvendingar, skanneoppgåver og andre administrative oppgåver. Vi bemannar resepsjonen i Akuttmottak og ivaretar postsekretærfunksjonar på Korttidsposten samt Utgreiingsmottaket (UMO1 og UMO2). Vi tar blodprøvar og andre vitale parametre av pasientar i Akuttmottak. Sekretariatet er med i avdelinga si beredskap ved større ulykker. Det er oppgåvedeling i teamet og ein må pårekne rullering av oppgåver. Pt 3 delt turnus.
Kontakt: Nina Ivarsflaten, Tlf. 93629725
- Telefon/resepsjonsteneste
- Postsekretær
- Blodprøvetaking
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
- Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr
- Pasientnære oppgåver
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Du må ha gode IKT-kunnskapar
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeSigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar Merkantil gruppe Bemanningssenteret, 90740524
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4965394820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sigrun Hoem Evensen
Seksjonsleiar Merkantil gruppe Bemanningssenteret
90740524
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2936313
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cdfb55ed90c34ed294f2e117530acadb