Rekrutteringsstilling for deg som er eller blir vernepleierstudent
Avdeling for habilitering, Nissedal kommune
Treungvegen 505, 3855 Treungen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rekrutteringsstilling for deg som er eller blir vernepleiestudent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Studerer du – eller skal du begynne å studere vernepleie? Då bør du verkeleg sjekke ut dette!
Vi har ledige rekrutteringsstillingar for vernepleiestudentar – ei unik moglegheit til å kombinere studiar med relevant arbeid og fast inntekt gjennom heile studietida.
Fleksibelt og tilpassa deg:- Stillinga er 100 %, men kan delast mellom fleire studentar
- Du vel sjølv stillingsstorleik – til dømes 50 % stilling og jobbe 30 %
- Du jobbar når du har moglegheit, som i helger og feriar
- Du får ei stabil inntekt gjennom studiet
Etter endt utdanning er det 2 års bindingstid til kommunen – noko som gir deg tryggleik og ein god start på yrkeslivet.
Kort om Kåsa bu- og avlasting:Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 6 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder, og i hjelpebehovet.
Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit breitt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet.
Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fagleg utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Medikamenthandtering
- Fremme målretta metodisk miljøarbeid, samt delta i bebuaranes daglege aktivitetar og gjeremål
- Koordinere tenester og samarbeide tverrfagleg
- Rettleiing og opplæring av kollegaer
- Handtere uførutsette situasjonar på fagleg og etisk forsvarleg måte
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver
- Jamleg samarbeid med pårørande
- Bidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Vernepleiarstudent
- Må kunne beherske digitale verktøy.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B, manuell.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad.
Gyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Du har god samarbeidsvilje
- Du tilpassar deg og er open for endringar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du har positiv innstilling og haldning
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Du får rettleiing og oppfølging frå studie- og utdanningssenteret i Nissedal
- Du kan bruke studiesenteret fritt til å følgje undervisning og studere
- Varierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endring.
- Årsturnus med moglegheit til å påverke eigen turnus. Du kan velje mellom langvakter med arbeid kvar 6. helg, ordinære vakter kvar 3. helg, eller ein kombinasjon av desse.
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
- Lønn etter tariff, med ein inngangsansiennitet på 10 år.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- Du får avsett tid i turnus til administrative oppgåver.
- Regelmessige fagmøter rundt den enkelte brukar er fastsett i turnus.
Ved ferdig utdanning: Vernepleiartillegg på kr 70 000, mot ei bindingstid på 2 år. Tillegget vidareførast kvart 2. år dersom tilsett held fram i stillinga.
Anna:
Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med eit ev. intervju.
Kontaktinformasjon
Elisabet Nyhus, Avdelingsleiar habilitering, +47 95 15 14 18Arbeidsstad
Treungvegen 5053855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 4994098302
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Nyhus
Avdelingsleiar habilitering
+47 95 15 14 18
Om bedriften
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5ff1dfd2-b7c2-4ba0-a304-a62047756203
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c547ebce2ab2455e914be5b7ebf0281b