ID 2312 Sjukepleiarar - Heimebaserte tenester
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
sjukepleiar, sykepleier, spesialsjukepleiar, spesialsykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Bli med på vårt lag!
Me i Heimebaserte tenester ynskjer oss nye kollegaer. Me er ei eining i utvikling og me jobbar for og møta framtida. Me har organisert oss i eige Sjukepleiar & Mestringsteam. Alle sjukepleiarar er samla i eit team. Å jobba i Sjukepleiar & Mestringsteam gjer at du bl.a. jobbar tett på sjukepleiarkollega, godt fagmiljø, deler kunnskap og erfaring, refleksjon, fagleg diskusjon og ikkje minst har kollegastøtte! Er du ein positiv og god lagspelar er det deg me søker!
Sjukepleiar & Mestringsteam har ansvar for alle oppgåver som krev sjukepleiarkompetanse. I tillegg har teamet ansvar for kartlegging av helsehjelp hos nye brukerer som får vedtak om vurdering av helsehjelp.
Me er framoverlent, og vårt fokus er at ein skal bu godt heime i eigen heim. At alle våre brukarar er mest mogleg sjølvstendig i eige liv. Mykje av arbeidskvardagen din er i heimen hos brukar. Du må løyse ulike problemstillingar, både praktiske og mellommenneskelege. Det krev kreativitet og gode evner til å tilnærma seg ulike menneske og situasjonar.
Eit mål for 2025 er å få vår eigen sjukepleieklinikk opp å gå. Med ein Sjukepleiarklinikk vil brukaren i fleire tilfelle komma til oss, istadanfor at du dreg heim til brukar. I vår klinikk vil me bl.a. utføra sårstell, injeksjonar, kateterskift, ernæring/vektoppføling o.l.
Sjukepleiar & Mestringsteam har årsturnus og langvakter på helg. Du har påverking til og væra med å bestemma din eigen turnus.
Om du vil bli med på vårt lag, vil du få opplæring og tildelt "fadder" som vil ta ansvar for at du får opplæring og blir trygg i dine arbeidsoppgåver her hos oss.
Me har fylgjande sjukepleiarstillingar ledige:- 2 faste 100% sjukepleiarstillingar
- 2 vikariat i 100% stilling
Arbeids- og ansvarsområde:
Du yt pleie og omsorg etter vedtak og ivaretar sjukepleiefagleg ansvar for heimebuande brukar. Du har eit engasjement for å bidra til at våre innbyggjarar skal få bu heime så lenge som mogleg. Du likar å arbeide sjølvstendig og i team, og klarer å omprioritere arbeidsoppgåver etter det uforutsette som kan oppstå.
Samhandling med pårørande, leger, sjukehus og andre samarbeidspartner er ein naturleg del av arbeidsoppgåvene. Du likar å halde deg fagleg oppdatert og kan rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar. Du er trygg på ditt kompetanseområde, nysgjerrig på nye oppgåver og har ein positiv innstilling. Me ser fram til å få deg med på laget.
Kvalifikasjonskrav:-
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
-
Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna sommaren 2025
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
Språkprøve B2 må være avlagt og bestått for søkjar utanfor Skandinavia
-
Førarkort klasse B
-
Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må framleggas ved oppstart.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me kan tilby:-
Sjukepleiarar i Heimebaserte tenester vert lønsplasserert inn, kr 25.000 over hovudtariffavtalens gjeldande garantilønssatsar
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Anne Grete Vik, telefon 534 96736
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2931152
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5fecbd02-f23b-473b-9ed6-211b909d5760