Ferievikarar - Heimetenester Eikelandsosen/Baldersheim
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Leitet 28, 5640 Eikelandsosen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. juni
Ferievikarar 2025- veke 25 - 33
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis? Kan ferievikariat i Heimetenesta – Eikelandsosen eller Baldersheim vera noko for deg?
Arbeidsstad
Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingane i heimetenestene:
Baldersheim gr 1: heimesjukepleie, heimehjelp og reinhaldar.
Eikelandsosen gr 2: heimesjukepleie og heimehjelp.
Dagsenter for eldre og demente.
Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden
Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i samanhengande periode om sommaren.
- Pleie- og omsorg til heimebuande pasientar
- Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar på dagsenter, organisering av måltid og køyring til og frå heimen
- Heimehjelpa yter praktisk bistand i heimane til brukarane
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter:
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, assistentar, studentar innan Helsefag. Søkjarar med anna erfaring vil også bli vurderte.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar- Vi søkjer deg som kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
- Du må vera fleksibel, lojal og pliktoppfyllande.
- Gode kommunikasjonsevner og godt humør er også ein føresetnad.
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar - med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2809951
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3438643_196061_nn