Stranda ungdomsskule - Undervisningsstilling, vikariat
Stranda ungdomsskule, Stranda kommune
6200 Stranda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring - Undervisningsstilling vikariat
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 35%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. juni
Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring er ein 8-10. skule med ansvar for grunnskuleopplæringa for om lag 130 elevar. I tillegg har eininga ansvar for vaksenopplæringa i kommunen. Skulen ligg i Stranda tettstad og var ferdig totalrenovert våren 2013.
For skuleåret 2025/2026 har vi ledig følgjande stilling:
Vikariat i inntil 35% stilling som lærar i spansk.Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.
Kvalifikasjonar
- Formell undervisningskompetanse
- Beherskar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt samarbeidsmiljø, både i forhold til elevar og tilsette
- Kunnskap om og erfaring med god klasseleiing
- Erfaring med vurdering, formell og uformell
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og oppegåande fagleg og sosialt miljø mellom dei tilsette
- Ivrige og trivelege elevar
- Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i SPK får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Les meir: Offentleg pensjon
Kontaktinformasjon
Paul Ivar Pedersen, Rektor, +47 46411100Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4981284658
Stillingsprosent: 35%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 16.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Paul Ivar Pedersen
Rektor
+47 46411100
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted