Avdelingsleiar marknad og tiltak
Nav Askøy // Regionkontor Vest
Gamle Kleppestøvegen 2, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar marknad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. januar
Vil du vere med og leie eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Brenn du for eit inkluderande arbeidsliv, relasjonsleiing og utvikling av menneske og tenester? Då kan du vere den nye leiaren vi ser etter til Nav Askøy si avdeling for marknadsarbeid, tiltak og jobbspesialistar.
Dette er ei nyoppretta avdeling med oppgåver som dekker eit breitt fagleg spekter. Avdelinga vil få ansvar for våre interne arbeidsretta tiltak som består av Individuell jobbstøtte (IPS), IPS Ung og Arbeid med støtte (AMS). I tillegg får avdelingsleiar koordineringsansvar for marknads- og tiltaksarbeidet i Nav region Vest, og det faglege ansvaret for jobbspesialistane i regionen. Den nye leiaren får personalansvar for om lag 15 fagleg dyktige medarbeidarar med tilsettingsforhold både i stat og kommune.
Vi ser etter ein leiar som skaper tillit, gode relasjonar og engasjement, og som er god på samarbeid. Det krev stor grad av fleksibilitet, fokus på utviklingsarbeid, prosess- og kompetanseleiing. Vi er ein arbeidsplass som stadig utviklar oss, og du må trivast med å leie ei verksemd der omstillingstakta er høg.
Nav Askøy har flotte nye kontorlokale sentralt plassert på Kleppestø senter, og er ein aktivitetsbasert arbeidsplass. Vi er eit kontor med 4 avdelingar, og heile kontoret består av kring 70 tilsette. Vi samarbeider tett med Nav Øygarden som saman med oss utgjer region Vest i Nav Vestland. Det vil vere naturleg at avdelingsleiar jamleg er til stades på begge kontora.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle team i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag og mål
- Personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
- Følge opp resultat og legge til rette for kontinuerleg forbetring
- Representere avdelinga og regionen i interne og eksterne samarbeidsfora. Aktuelle samarbeidspartnarar er mellom anna DPS, Enhet for rus- og psykiatritenester, Familiehjelpa, barnevernet, lærings- og inkluderingstenestene, andre Nav‑kontor, IPS‑rådgivarar og næringsforeiningane i Askøy og Øygarden.
- Koordinere kontoret sitt marknadsarbeid i samarbeid med leiarteamet og andre marknadsfunksjonar i regionen
- Følge opp og koordinere tiltaksarbeidet i Nav Region Vest saman med tiltakscontroller
- Vere ein aktiv medspelar i leiarteam i regionen og bidra til heilskaplege løysingar for brukarane
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, og bygge felles engasjement og kultur
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- Leiarerfaring
- God erfaring frå å jobbe med menneske og bygge relasjonar
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
- God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
Det er ein fordel om du òg har:
- Erfaring frå arbeidsinkludering, gjerne tiltak som IPS, AMS eller Supported Employment-metodikk
- Leiarutdanning
- God forståing for teamarbeid og teamutvikling
Dette ser vi etter hos deg
- Du er samlande og raus, og evnar å rettleie, utvikle og skape meining for medarbeidarane dine
- Du ser medarbeidarane dine og kommuniserer forventingar og tilbakemeldingar tydeleg og inkluderande
- Du jobbar heilskapleg og løysingsorientert, med høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Du er nytenkjande, fleksibel og tek ansvar for eiga fagleg utvikling
- Du er god på samarbeid og å byggje relasjonar internt og eksternt
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull leiarrolle i eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit sterkt og kompetent fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fast stilling som avdelingsleiar i stillingskode 1407, med lønnsspenn frå kr. 800 000 til kr. 850 000 kroner. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Helga B. Torgersen, Regionleiar Nav region Vest, 408 06 185, helga.b.torgersen@nav.noArbeidsstad
Gamle Kleppestøvegen 25300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5054971208
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5fb4c66c-0a4d-49ae-9f01-55417074006a
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
67d82dfad8604efcb27205a39e936cd7
Lignende annonser
Avdelingsleiar arbeidsliv
Arbeidsgiver
Nav Askøy // Regionkontor Vest
Sted
Kleppestø
Seniorrådgivar
Arbeidsgiver
Seniorrådgivar marknad - Nav Bergen sentrum
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
OPK-SL - Slåtthaug vgs, Vestland fylkeskommune
Sted
Nesttun