100% fast stilling som miljøterapeut
Vågå Kommune Bufellesskap
Vågå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. juni
Vi; tenestemottakarar, bebuarar, brukarar, pasientar, har mange betegningar, og du har sikkert høyrt dem? Vi tenkjer mest på oss sjølve som fullverdige menneskjer med akkurat dei same behova som andre.
Vi er mange! I Vågå kommune, bur om lag 25 av oss i forskjellige bustadar og leilegheiter organisert under avdelinga Miljøterapitenesta. Vi får tenester av fleire av kommunen sine avdelingar og andre eksterne samarbeidspartar, og samarbeidet mellom desse er tett.
Vi, er nå på søken etter fleire tilsette! Akkurat nå leiter vi mest etter deg som er autorisert vernepleiar eller sjukepleiar. Vi ynskjer også å kome i kontakt med deg som har ein relevant 3-årig utdanning. Om du er nyutdanna, treng du ikkje ha all verdas erfaring. Men du må ha eit brennande ynskje om å jobbe med akkurat oss!
Vi vil være så sjølvstendige som vi kan. Det vil seie at vi treng tilsette som ser oss individuelt og som kan være med å fremme våre styrker. Vi er ganske så unike, og vi krev unike tenester.
Hjå oss vil du både møte på oss som treng hjelp og tilrettelegging til det meste, men vi er også fleire som i stor grad meistrar dagleglivets ferdigheiter heilt på eigenhand, men som treng at tilsette jobbar med "henda på ryggen". Uansett treng vi at du ser våre moglegheiter og at du tenkjer at vi kan, til tross for dei hindringane vi eventuelt har.
Vi er en aktiv gjeng. Vi vil at du hjelper oss å realisere våre draumar. For nokon av oss treng vi at du er god på utfordringar og at du handterer at vi sett deg på prøve. Og for dei aller fleste av oss, treng vi at du aktivt bidreg til at vi har eit aktivt liv. Det vil seie at vi vil ha deg med på alle våre fritidsaktivitetar, på aktivitetssenter og arbeidsplassar, nokon av oss vil kanskje til og med ha deg med på turar. Kor kul jobb er ikkje det?
Dette vil bli nokon av oppgåvene i jobben:-
Fagansvarleg for ein eller fleire av oss.
-
Følgje rutinane, miljøregla og handlingskjedene som er sett opp.
-
Kartlegging, sette i gang tiltak og evaluerer.
-
Fylgjer oss opp på dei kursa vi deltek på.
-
Er med oss på jobb, fritidsaktivitetar og mykje, mykje meir.
-
Dokumenterer det som er viktig i våre journalar.
-
Samarbeider tett med våre verjer og familiar.
-
Samarbeider med det hjelpeapparatet vi er omgitt av, som for eksempel, leger, habiliteringstenester.
-
Jobbar for at vi skal oppleve tryggheit, sosiale relasjonar, respekt og ein god livskvalitet.
-
Jobbar for at du sjølv og dei du jobbar saman med opplev å ha arbeidsplassar dykk trivst på.
-
Bruker data, telefoner og IPAD for å registrere og gjerne sett opp ein graf eller to.
-
Delta på kurs og kompetanseheving.
Turnus: Hjå oss er det arbeid kvar 3 eller 4 helg, med langvakter eller vanlege vakter. På vekedagar jobbar dei dag eller kveld.
Kvalifikasjonar:-
Autorisasjon som vernepleier eller sjukepleier er ein fordel.
-
Om du har anna relevant 3-årig helsefagleg høgskule-/universitetsutdanning vil vi også at du søkjer.
-
Snakkar og skriv godt norsk, og vi har eit krav om bestått Norskprøve B1, både skriftleg og munnleg.
-
Du må ha førarkort klasse B, manuell gir.
-
Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader før du startar.
Uavhengig av utdanninga du har, må du ha eit ynskje om å jobbe i ein bemanna bustad med oss.
Du er:-
blid, hyggeleg og imøtekommande.
-
kreativ, fantasifull og ser løysingar.
-
oppteken av utvikling.
-
roleg i vanskelege og overraskande situasjonar, og toler litt stress.
-
oppteken av at vi er ulike og behandlar oss individuelt.
-
engasjert i vår utvikling og sørge for at vi opplev gode relasjonar.
-
god både i jobbe sjølvstendig, men også på å samarbeide i team med fleire.
-
ansvarsfull og lojal mot oppsatte planer
-
strukturert
Personleg eignaheit blir tillagt vekt.
Dette er kva vi kan tilby deg:-
Eit levande fagmiljø med fokus på kompetanse og kontinuerleg utvikling.
-
Trivelege, nysgjerrige , engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mykje humor.
-
Ein interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
-
Opplæring og rettleiing.
Ønskjeleg oppstart: August 2025.
Klar for å søkje?Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no .
Søknadsfrist: 09.06.2025
Vi tek inn søkjarar til intervju fortløpande og vi vil saman med deg finne ut kor du har lyst til å jobbe og kor vi tenkjer at du passer best inn.
Ved spørsmål, ta kontakt med avdelingsleiar Tone Ødegård, tlf. 41500443.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. *
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand. *
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Miljøterapitenesta arbeider vi for mennesker med psykisk og fysisk utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at dei skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5f8f9ebd-5b28-44e3-9f94-cff0f062431c