Hopp til innhold

Økonomimedarbeidar – 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Sted

Tytebærbrekko 2, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Økonomimedarbeidar – 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du kan bidra til god forvaltning av kyrkja sine ressursar?

Øygarden kyrkjelege fellesråd har ledig 100 % fast stilling som økonomimedarbeidar. Stillinga er ein del av administrasjonen ved kyrkjekontoret og vil ha ei viktig rolle i arbeidet med økonomistyring og rekneskap.

Vår visjon er «Nær Gud – nær menneske». I arbeidet vårt ønskjer vi å møte menneske med openheit og respekt, og vi legg vekt på verdiar som takknemlegheit, det å vere tenande og frimodig i møte med oppgåvene våre.

Øygarden kyrkjelege fellesråd har ansvar for drift og forvaltning av kyrkjebygg og gravplassar i Øygarden kommune, og er gravplassmyndigheit for alle innbyggjarane i kommunen. Fellesrådet ivaretek administrative og økonomiske oppgåver for dei fem sokna i Den norske kyrkja i kommunen, og er arbeidsgjevar for om lag 50 tilsette.

Som økonomimedarbeidar vil du bidra til ei trygg og god økonomiforvaltning, og vere ein viktig ressurs for leiing og tilsette i organisasjonen.

Om stillinga

Økonomimedarbeidaren har ei sentral rolle i å sikre forsvarleg økonomistyring for fellesrådet og administrasjonen. Stillinga inneber ansvar for løpande rekneskapsarbeid og for å bidra til god tilgang til oppdatert og relevant økonomisk styringsinformasjon.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og oppfølging av økonomi
  • Bidra i arbeidet med budsjett for fellesrådet og dei fem sokneråda
  • Registrering og kontroll av rekneskapstransaksjonar
  • Avstemming og kvalitetssikring av rekneskap
  • Bankavstemming
  • Bidra i periodeavslutningar og årsoppgjer
  • Sakshandsaming innan budsjett- og rekneskapsområde
  • Fagleg støtte og rettleiing til leiarar og tilsette
  • Bidra til utvikling og forbetring av rutinar og arbeidsprosessar
  • Andre oppgåver innan økonomi- og rekneskapsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • God kjennskap til regelverk innan rekneskap og meirverdiavgift
  • Gode digitale ferdigheiter og systemforståing, særleg i Excel
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå økonomiarbeid i offentleg verksemd
  • Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein medarbeidar som: 

  • arbeider strukturert og nøyaktig
  • tek ansvar og arbeider sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ei sjølvstendig og meiningsfull stilling i eit inkluderande arbeidsfellesskap
  • Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Eit godt og kompetent arbeidsmiljø
  • Offentleg tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Bedriftshelseteneste
  • Lønns- og arbeidsvilkår etter tariffavtale gjennom KA – Kyrkja sin arbeidsgivarorganisasjon
  • Personen som vert tilsett må ha eit personleg engasjement for Øygarden kyrkjelege fellesråd sin visjon og verdiar.
  • Vi legg vekt på søkarar sine personlege eigenskapar, og at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i teamet utfyller kvarandre.
  • Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV og søknad. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden.

Kontaktinformasjon

Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 473 04 530
Mathilde K Dale Løvfall, Personalleiar, 902 72 703

Arbeidssted

Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5097870327
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Mathilde K Dale Løvfall

Personalleiar

902 72 703

Annlaug Børve

Kyrkjeverje

473 04 530

Om bedriften

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5f50999b-33c8-489d-af46-20b72af92baf

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

514baf0ad58e46f88db9d5ffe54ad5c6

Lignende annonser

Laster lignende annonser