Rådgivar - gjeld
Møre og Romsdal Politidistrikt
Kristiansund politistasjon, 6501 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar - gjeld
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Om stillinga
Vil du vere med på å bidra til eit tryggare samfunn, der du har oppgåver i skjeringspunktet mellom juss, samfunn og tryggleik? Då kan ei stilling hos namsmannen i Kristiansund vere noko for deg. I denne stillinga blir du ein del av seksjon for forvaltning og sivil rettspleie, der du vil jobbe i eit fagmiljø som brenn for kvalitet, rettstryggleik og førebygging.
Stasjonssjefen i Kristiansund er namsmann i Nordmøre, og avdelinga vår er delegert ansvaret for den sivilrettslege porteføljen i Nordmøre. I tillegg har avdelinga vår ansvar for publikumsskranke med mottak av alle typar førespurnadar, deriblant mottak av søknadar om pass.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Som tilsett hos namsmannen i Kristiansund vil du bli stilt overfor ei rekkje forventningar. Publikum og eksterne ventar å bli møtt av ein kompetent og fagleg trygg tilsett med høg servicegrad og tilgjengelegheit.
Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vurderinga vår av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- sjølvstendig saksbehandling og rettleiing overfor partane innanfor fagområda gjeldsordning og annan sivil rettspleie
- møte med skyldnarar, kreditorar, eksterne samarbeidspartnarar, bistå gjeldsordningssøkjar ved rettsmøte i tingretten
- hovudstemnevitne
- bidra til den administrative delen av arbeidet i eininga, under dette registrere inngåande post og saker, dessutan handtere publikumsførespurnader på telefon, elektronisk og ved oppmøte
- enkeltvis og i samarbeid med andre bidra til arbeidet i eininga innan fag- og kompetanseutvikling. Internt på seksjonen eller i politidistriktet kan det til dømes vere arbeid med rutinar/metodeutvikling, rettleiing og opplæring. Eksternt er det til dømes foredrag eller rettleiing for samarbeidande etatar, private/offentlege aktørar (kundar), private brukargrupper og førebyggjande overfor skular/unge
- kan påleggjast andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- høgare utdanning med minimum tre år på høgskule/universitet, erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- økonomisk vederheftigheit. Søkjarar som blir invitert til intervju må ta med seg utskrift av kredittinformasjon om seg sjølv for å synleggjere eventuelle betalingsmerknader. Dette kan hentast ut frå til dømes Min Experian eller Biznode på nett. Vi ber om at kandidaten sjølv sladdar likningsopplysningar på utskrifta.
- førerkort klasse B
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- juridisk og økonomisk kompetanse/forståing
- innsikt i eller erfaring frå arbeid innan sivil rettspleie, økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving og liknande
- evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på engelsk. Evne til å kommunisere munnleg på andre framandspråk
Eventuell utdanning frå utlandet må vere godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å bli vurdert.
Personlege eigenskapar
- sjølvstendig og initiativrik med god evne til å prioritere
- vedtaksfør, effektiv og nøyaktig
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- serviceinnstilt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utfordrande og meiningsfull stilling for deg som vil bidra inn i politiet sitt viktige samfunnsoppdrag
- fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434), frå kr. 600 000 til 680 000 000 brutto per år. For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønn vurderast.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
- fleksibel arbeidstid
- moglegheit for trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Per Arild Dyrenes
seksjonsleiar
+4794478339
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5f4e07ea-3e2d-4371-9188-7af68902c0f2
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287265