Ønskjer du å leia ei tradisjonsrik verksemd innan bygg og anlegg i Sunnhordland?
Engevik & Tislevoll As
Fitjar, 5419 Fitjar
Om jobben
Stillingstittel
Dagleg leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Engevik & Tislevoll er ein totalentreprenør med lang historie i Sunnhordlandsregionen. Frå vår base på Fitjar har me levert godt handverk og høg kvalitet i over 60 år. Me utfører arbeid innan bygg og anlegg for det kommunale, statlege og private, med prosjekt av ulik storleik.
Gjennom alle år har eit godt produkt og nøgde kundar vore vårt fokus. Me tek kunden på alvor – anten det gjeld å setje opp eit naust i sjøkanten, eller ved bygging av ein skule der ungar skal trivast. «Det blir som avtalt» er vårt motto.
Me er kjenneteikna av å ha eit særs godt arbeidsmiljø, prega av ein uformell tone, med glimt i auga.
Som vår nye leiar kjem du til ei solid verksemd som alltid har hatt ein sunn økonomi. Med deg som leiar ønskjer me å utvikla vår posisjon i marknaden og arbeida for beste praksis innan HMS, økonomistyring og prosjektgjennomføring. Me vil utvikla oss vidare i takt med tida og byggja ei verksemd som held seg relevant og attraktiv for tilsette, lokalmiljø og kundar.
DINE OPPGAVER OG ANSVARSOMRÅDER:
DIN KOMPETANSE:
DINE PERSONLIGE EGENSKAPER:
Nysgjerrig?
Ønskjer du ein uforpliktande og konfidensiell samtale om stillinga? Kontakt våre rådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter, på mob. 958 82 299, eller Odd Arild Sævik, på mob. 450 21 995. Du kan og kontakte styreleiar i Engevik & Tislevoll, Frode Tislevoll, på mob. 480 22 868

- Overordna ansvar for HMS, kvalitet, personal og økonomi
- Representera verksemda i lokalmiljø og i marknaden
- Heilskapleg og overordna leiing av prosjektorganisasjonen, resultat og tilhøyrande rapportering
DIN KOMPETANSE:
- Fortrinnsvis høgare utdanning innan leiing, økonomi og/eller tekniske fag
- Interesse og engasjement for bygg og anlegg
- Erfaring frå bransjen kan være ein fordel, men er ikkje ein føresetnad
- God forståing for prosjektøkonomi og gjerne erfaring frå kalkulasjon og anbudsarbeid
- God munnleg og skriftleg kommunikasjon på både engelsk og norsk
DINE PERSONLIGE EGENSKAPER:
- Held overblikket, er løysningsorientert og ser moglegheiter
- Er god til å motivera, involvera og inspirera dine medarbeidarar
- Resultatorientert, handlekraftig og har stort pågangsmot
- Kundeorientert og trivst med relasjonsbygging
- Identifiserer deg med selskapets verdiar og kultur
Nysgjerrig?
Ønskjer du ein uforpliktande og konfidensiell samtale om stillinga? Kontakt våre rådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter, på mob. 958 82 299, eller Odd Arild Sævik, på mob. 450 21 995. Du kan og kontakte styreleiar i Engevik & Tislevoll, Frode Tislevoll, på mob. 480 22 868
Om bedriften
Engevik & Tislevoll er ein totalentreprenør med lang historie i Sunnhordlandsregionen. Me utfører arbeid innan bygg og anlegg, for det kommunale, statlege og private, med prosjekt av ulik storleik. Verksemda har 61 tilsette og hadde ei årsomsetnad på 166 mill. kroner i 2022. Selskapet har gjennom alle år hatt solid drift. Vår verksemd er basert på sterke verdiar kring samfunnsbygging, samhald og kvalitet.
Sektor
Privat
Nettsted