Sjukepleiar
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Ulvestadvegen 6, 6265 Vatne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Stillinga er for tiden ledig i avdeling Haram bustadar 2, avdeling Solbakken bukollektiv.
Stillinga er ledig frå 1 januar 2025, eller etter avtale.
Solbakken bukollektiv er ei underavdeling til Haram bustadar 2. Solbakken består av bukollektiv for vaksne, avlastning for vaksne og barnebolig. Basen til butenesta ligg i Brattvåg, der vi har eit stort og moderne medisinrom. Oppmøte kan difor enkelte dagar være på basen i Brattvåg, for medikamenthåndtering og andre møter. Som sjukepleiar på Solbakken vil du jobbe i eit tverrfaglig team ilag med dyktige miljøterapeutar og andre med helsefaglig bakgrunn.
Turnus for stillinga er dag og kveld, med langvakter kvar 4.helg.
Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på og jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som sjukepleiar får du være ein del av dette arbeidet.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Veiledningsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Primærkontaktrolle.
- Legemiddelhåndtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ og er kreativ.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Du evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Du evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Du er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Du er lojal og stabil.
- Personlige eigenskaper vektlegges.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med mulighet for personlig og faglig utvikling.
- Rom for å være kreativ.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.noArbeidsstad
Ulvestadvegen 66265 vatne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4883612319
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2793176
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4cfbe973c85945aca8299135d15bbea9