Overlege i Palliativt team
Kreftbehandling og palliasjon Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege i Palliativt team
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Palliativt team i Ålesund har ledig 100 % fast stilling som overlege. Stillinga kan tilretteleggast dersom det er ønskeleg med lågare stillingsprosent. Arbeidstid er primært dagtid måndag til fredag. Utifrå kva kompetanse du har, vil det kunne bli vaktarbeid i sengeposten. Stillinga er ledig frå snarast og startdato kan avtalast.
Palliativt team er ei gruppe som gir råd og rettleiing til pasientar som har ein sjukdom ein ikkje kan bli frisk av. Vi samarbeider med fleire yrkesgrupper og har ein spesiell kompetanse innan palliasjon. Teamet består av spesialsjukepleiarar, lege, sosionom og fysioterapeut. Tilbodet vårt har fram til no vore retta mot pasientar med kreft og ALS, men vi er no i ein prosess der vi skal utvide dette tilbodet til å gjelde pasientar med andre diagnosar.
Vi arbeider tett med andre avdelingar i sjukehuset, kommunehelsetenesta og fastlegar, og vi har ei særskilt oppgåve med å spreie kompetanse og rettleie i palliasjon. Vi har poliklinisk og ambulerande verksemd, og har frå januar 2025 seks palliative senger i sengepost for kreft og blodsjukdomar.
Palliativt team er godkjent utdanningsinstitusjon for palliasjon. Vi søkjer etter ein overlege med relevant spesialitet og med eit engasjement for palliasjon.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
Som lege i palliativt team har du ansvar for å yte avansert medisinsk behandling til pasientar i palliativ fase av sin sjukdom. Vi jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling og symptomlindring.
- Kliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, heimebesøk, vurdering av tilvisingar, tilsyn av pasientar ved ulike sjukehusavdelingar og visitt og anna arbeid knytt til pasientar i palliativ seng
- Rådgjeving til helsepersonell og rettleiing av kollegaer
- Delta i kliniske studiar
- Undervisning
- Nettverkssamarbeid
- Delta i vidareutvikling og nyskaping av tilbodet i seksjonen vår
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- God kjennskap til både kommune- og spesialisthelsetenesten. Det kan vere ein fordel om du har lang erfaring som lege
- Spesialisering innan palliasjon eller andre relevante fagområder vil vere ein fordel
- Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet
- Du likar å undervise og veilede, du deler kunnskap med andre
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er pasientorientert og framtidsretta
- Du har engasjement for samhandling på tvers av tenestenivå
- Du viser fagleg engasjement for arbeidet ditt
- Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
- Du medverkar til godt tverrfagleg samarbeid
- Du er innovativ og nyskapande
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hans Jakob Hunnes, Konstituert overlege, 70106913, hans.jakob.hunnes@helse-mr.noLiv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, +47 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4893888468
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819187
- Hentet fra
talentech
- Referanse
84d0168451584a2cbccd0d4404ce0b67