Servitør i sommarrestauranten på Voss Vandrarheim
Voss Vandrarheim As
Peter Bondesveg 40, 5704 Voss
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Servitør (matservering)
- Type ansettelse
- Sesong, deltid 40%
- Arbeidstid
- Vakt, kveld og dagtid, alle dager
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Me søkjer ein dyktig og sjølvstendig servitør til vår sommarrestaurant i juli og august - snarast!
Om ossVoss Vandrarheim er eit familiedrevet hostel med hjarte for berekraft, økologi og lokalprodusert mat. Me er ope året rundt med hovudsesong juni-september og februar-april. Me lagar heimelaga mat frå botnen av, med ferske og sesongbaserte råvarer. Frukt og grønsaker vert levert frå Finnegarden, eit steinkast unna, slik at me alltid har tilgang til kortreiste og smakfulle ingrediensar. Store delar av kjøtet me bruker får me frå lokalt slakteri.
Utanom sommarsesongen har me middagsservering for bl.a. leirskulegrupper som bur hjå oss. I sommarrestauranten i juli og august vert det à la carte meny. Me ser no etter ein servitør med godt humør, som både er komfortabel med å jobbe aleine i restauranten, og på lag med kokk og kjøkkenhjelp!
Arbeidsoppgåver-
Førebu restauranten for opning om ettermiddagen
-
Ta imot bestillinger, betaling og servere til bord
-
Ivareta hygiene- og HMS-krav på kjøkkenet
-
Ivareta rutinar for skjenking av alkohol
-
Rydding og vasking etter stengetid.
-
Oppgjør i kassa
-
Erfaring frå kundeservice, gjerne servering
-
Interesse for lokalmat, berekraft og økologiske varer
-
Evne til å jobbe sjølvstendig
-
Fylt 20 år
-
Fleksibel, løysingsorientert og glad i ein hektisk arbeidsdag
-
Kan snakke norsk eller eit anna skandinavisk språk
-
Ein varierande sommarjobb i eit positivt arbeidsmiljø
-
Moglegheit til å jobbe med kortreist, økologisk og berekraftig mat
-
Frukt og grønsaker levert frå Finnegarden, rett over vegen - grønsaker kan hentast i åkeren
-
Varierte arbeidsdagar i flotte omgjevnadar på Voss
-
Løn etter avtale
Viktig - Bustad er ikkje tilgjengeleg gjennom arbeidsgiver.
Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknad og CV til Nikola på epost til booking@vosshostel.com, gjerne med minst ein referanse.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Voss Vandrarheim er ope for overnatting og frukostservering året rundt med hovedsesong juni-september og februar-april. Me har 40 rom og eit romsleg fellesareal med peisestova, spisesal, gjestekjøkken, badstu og møtelokale. I underkant av 10 personer jobbar her året rundt, mens me i høgsesong er ca det doble.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5ee473df-4e9c-468f-a062-31e1e358b51c
- Sist endret
15. juni 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5ee473df-4e9c-468f-a062-31e1e358b51c