Fagingeniør generell kjemi
Laboratoriet Odda, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Om jobben
Stillingstittel
Fagingeniør generell kjemi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ønskjer du ein kjekk og variert arbeidsdag der ingen arbeidsdag er lik? Då kan dette vere den rette arbeidsplassen for deg!
Laboratoriet i Odda er ein del av avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna, og no har vi ledig 100 % stilling for fagingeniør generell kjemi.
Vi har ein arbeidskvardag med høgt tempo. Vi har fagleg engasjerte medarbeidere, og her kan du vere med å påverke arbeidskvardagen og bidra til endring og kvalitetsforbetring. Blodbanken hos oss er akkreditert etter ISO15189 og vi jobbar mot akkreditering av resten av laboratoriet.
Odda sjukehus er eit mindre akuttsjukehus der arbeidsforholda er relativt små. Dette gir rom for eit godt tverrfagleg samarbeid med alle dei ulike avdelingane og poliklinikkane. Laboratoriet er døgnbemanna, og turnus er todelt. På dagtid rullerar arbeidssoppgåvene mellom medisinsk biokjemi, blodbank og prøvetaking. På vakt er ein aleine så det er ein fordel om du likar å ha ansvar!
Vi er ein samansveisa gjeng som likar å ha det kjekt på jobb.
Høyres dette interresant ut? Ta kontakt for ein uformell prat eller send inn ein søknad!
Odda ligg i Sørfjorden i Hardanger og er kjent som eit av dei vakraste områda i Noreg. Du finn fotturar i alle kategoriar - Trolltunga er berre eitt eksempel på kva Odda sin natur kan tilby. For den som ønskjer andre utfordringar finn du blant anna; brevandring, kajakk, sykkelturar, fruktgårdar, museum og festivaler.
Arbeidsoppgåver
Utføre delegerte oppgåver fra fagansvarlig ingeniør generell kjemi som td.:
- Bestilling av forbruksvarer, reagens og kontroller
- Mottakskontroll av varer og utstyr
- Verifisering av metoder og utstyr
- Utarbeide og vedlikehalde prosedyrer og opplæringsplaner innan fagområdet
Delta i laboratoriets rutinearbeid:
- Blodbankarbeid: blodtypeserologi, tapping av blodgivarar, framstilling og utlevering av blodkomponenter.
- Analysere blodprøvar og kroppsvæske innan generell kjemi, hematologi og koagulasjon.
- Blodprøvetaking av polikliniske-, inneliggjande- og ØH-pasientar.
- Utføre enkle mikrobiologiske analysar.
- Mottak og sending av prøver.
Delta i vaktordning.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Erfaring innen fagfeltet er ønskelig
Personlege eigenskapar
- Faglig engasjert
- Lærevillig og motivert
- Strukturert og sjølvstendig
- Nøyaktig og arbeidsom
- Likar å arbeide i team
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4719728127
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.01.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2471595
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bc7a3ab005064fc3a97427ed68822e00