Er du vår nye barne- og ungdomsarbeidar?
Hjartdal kommune Hjartdal kommunale barnehagar
Hjartdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Er du god på relasjonsbygging? Vil du jobbe i eit fagleg sterkt miljø med engasjerte kollegar?
Hjartdal kommune søker etter dyktige og entusiastiske barne- og ungdomsarbeidarar i våre barnehagar frå hausten 2025. Vi søker deg som ønsker å skape gode arenaer, med moglegheit for leik, læring og meistring for barn i vår kommune. Vi har tre barnehagar i ulike størrelsar med kvart sitt særpreg. Alle tre barnehagane ligg i flotte omgivnadar med store moglegheiter.
Barnehagane har eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse og stort mangfald.
Det er ennå ikkje avklart kven av barnehagane våre behovet vil vera i.
Vår visjon er: Vi trivst, lærer og har MOT til å gå saman
Arbeidsoppgåver- Dagleg omsorg og til stades for det enkelte barn og hele barnegruppa
- Delta aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Rettleie og hjelpe barn i lek og aktivitetar
- Bidra til at rammeplan og barnehagelova oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet med barnegruppa.
- Samarbeid med foreldre
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
- At du er personleg egna vil bli vektlagt
- Det er ein fordel om du mestrar fleire språk
- Er engasjert, omsorgsfull og har evne til å ta barneperspektivet
- Har evne til å reflektere over egen rolle og egen praksis
- Er aktiv lyttande og til stades i samspel med barn
- Er strukturert, ansvarleg og serviceinnstilt
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Har god relasjonskompetanse
- Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
- Eit godt arbeidsmiljø der kommunen har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)
- God pensjonsordning
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gler oss, husk å ta med kopi av vitnemål og attestar.
- Vi ynskjer to referansar og du må legge inn kontaktperson og telefonnummer.
- Du vil ha prøvetid på 6 månader.
- For personar som skal jobbe med barn, stillast det krav om politiattest i tråd med Barnehagelovas § 30.
- Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
- Som tilsett ved våre barnehagar kan ein ved behov og etter avtale bli flytta til andre barnehage einingar i kommunen.
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med einingsleiar for barnehagane i Hjartdal, Karianne Haugan Skårdal.
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2924771
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3495967_231647_nn