Fysioterapeut
Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Fysioterapeut
- Oppstart
- 2. februar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. februar
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, Allmennpsykiatri Sunnmøre har ledig 100 % vikariat for fysioterapeut frå dags dato - 28.02.27.
Vi søker deg som vil vere med på å vidareutvikle sjukehuspsykiatrien på Sunnmøre. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Allmennpsykiatri Sunnmøre er ein sengepost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Allmennpsykiatri Sunnmøre har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta. Pasientgruppa består diagnostisk av pasientar med alvorleg depresjon, angstlidingar, spiseforstyrringar, bipolar liding, PTSD, dissosiative tilstandar, akutte kriser, personlegheitsforstyrrelsar, psykoselidingar, suicidalitetsproblematikk og psykosomatiske tilstandar.
Seksjonen tilbyr blant anna ECT-behandling, medikamentell behandling, miljøterapi og fysioterapi med ulike gruppeaktivitetar. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit godt tverrfagleg team som er sett saman av psykiaterar, psykologspesialist, LIS3, LIS1, fysioterapeut og miljøpersonale med variert bakgrunn.
Arbeidsoppgåver
- Individuell kartlegging og behandling av pasientar
- Ansvar for gruppetilbod med fysisk aktivitet for pasientane
- Ansvar for planlegging av turar og andre pasientaktivitetar
- Samhandling og tverrfagleg samarbeid med andre seksjonar, kommunale tenester, fastlegar og pårørande
- Undervisning og rettleiing av pasient
- Internundervisning og kvalitetsarbeid
- Delta i fagråd
- Ansvar for gymsal og utstyr
- Meiransvar for vurdering av fallrisiko og behov for hjelpemiddel både i seksjonen og heime
- Forflyttingsansvarleg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Ønskeleg med vidareutdanning eller relevant erfaring innan psykisk helse og/eller rus
- Meistre norsk språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon
- Du har gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar
- Du er innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientensitt beste
- Du har evne til både å arbeide i team, men også sjølvstendig
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Siri Charlotte Johnsen, Seksjonsleiar, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5062545236
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.02.2026
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 03.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5e8a21fa-6c84-42c7-871c-7b063920f44b
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
82a5620238a3478093618bca797edbd0
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering/erfaren LIS lege
Arbeidsgiver
FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Allmennpsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund