Dommarfullmektig
Sunnmøre tingrett
Skansekaia 2, 6002 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Dommerfullmektig
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Om deg
Vi søker ein jurist med gode faglege kvalifikasjonar, og minst to års arbeidserfaring som jurist. Du må arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er naudsynt i stillinga.
Stilling som dommarfullmektig føreset at du er norsk statsborgar. For alle dommarfullmektigar vert det innhenta politiattest.
Me tilbyr
Ansettelsesvilkår etter Hovedtariffavtalene i staten og dommarfullmektigavtalen, med lønn pr. 1. mai 2024:
- Frå 0 til12 månader, kr 563.500,-
- Frå 12 til 24 måneder. ca kroner 660.000,-
Spørsmål
Dersom du har spørsmål om stillinga og domstolen, kontakt sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset, tlf.: 93037227.
Du kan lese meir om domstolen på nettsida vår: https://www.domstol.no/no/domstoler/tingrett/sunnmore-tingrett/.
Generell informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no.
Om oss
Sunnmøre tingrett er ein fullfagleg domstol som m.a. behandlar sivile tvistar, straffesaker, tvangs- og skiftesaker. Tingretten har rettsstadar både i Ålesund og i Volda. Rettskrinsen omfattar alle kommunane på Sunnmøre.
Tingretten vert leia av sorenskrivar, og har i tillegg 7embetsdommarar, to dommerfullmektigar, ein administrasjonssjef og 14 sakshandsamarar.
Vi legg vekt på bredde og mangfald i arbeidsmiljøet, der alle søkarar vert vurdert likeverdige. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss. Det er ein føresetnad at du kan vere fysisk til stades og tilgjengeleg for verksemda på dagleg basis.
Me oppmodar søkarar til å kryssa av i søknadsportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Les meir om dette på denne linken: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Vi viser videre til at søknaden vert vurdert ut frå den informasjonen som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis kvalifikasjonane dine oppfyller kriteria som kjem fram av kunngjeringa.
Personopplysningar som vert gitt i søknad og CV vert behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar.
Vi utarbeidar offentleg søkarliste. Det vert i denne samanhengen vist til offentlegheitlova § 25 andre ledd, med høve til å søke om unntak frå søkarlista.
Om bedriften
Vi har ledig ei dommarfullmektigstilling i Sunnmøre tingrett, rettstad Ålesund. Det må også også påregnast saker ved rettsstad Volda. Tiltreding etter avtale. I stillinga som dommarfullmektig får du allsidige og utfordrande oppgåve og med stor variasjon i sakstypar. Det er gode høve for fagleg og personleg utvikling.
Vi legg vekt på kvalitet og effektivitet i arbeidet vårt, og dessutan god service overfor alle brukarar av tenestene til domstolen. Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve til forlenging i inntill eit år, jf. domstolloven § 55 g.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5e704a9e-e46c-41ed-9da4-021d2117c368
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255195