Vil du bidra til å byggje opp vårt nye jordvaskeanlegg?
NGIR Drift
Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagansvarleg/Operatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
NGIR Drift AS søkjer ein dyktig og engasjert Fagansvarleg/Operatør til vårt nye jordvaskeanlegg. Er du klar for ein spennande og variert arbeidskvardag i eit selskap som hjelper regionen mot ein grønare og meir sirkulær økonomi? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Om stillinga:Som Fagansvarleg/Operatør vil du ha hovudansvaret for oppfølging, tilsyn, drift og vedlikehald av jordvaskeanlegget og tilhøyrande installasjonar. Du vil leie og drifte det faglege arbeidet på anlegget, og sjå til at prosessane går optimalt. Dette inkluderer dagleg føring av driftslogg og sjekklister, i tillegg til kontroll av prosessen for å sikre optimal drift. Du vil melde manglar og vedlikehaldsbehov til leiar, og delta ved vedlikehald og uventa stopp i anlegget. Ved behov vil du også hjelpe til i andre delar av avdelinga.
Arbeidsstad er på anlegget vårt i Kjevikdalen i Alver kommune.
Vi ser etter deg som har arbeidserfaring frå avfallsbransjen, prosessindustri, anleggsverksemd og/eller produksjonsliner. Du må ha fagbrev innan anleggsmaskinførar, industrimekanikar, mekanikar eller gjenvinning, og dessutan sertifikat klasse B. Maskinførarbevis for hjullastar og gravemaskin, og sertifikat for varmt arbeid er også naudsynt.
Vi ser etter ein person som er systematisk, kvalitetsbevisst og nøyaktig i sitt arbeid. Du bør vere positiv og løysingsorientert, ha gode samarbeidsevner og ei god heilskapsforståing. Nysgjerrigheit og læringsvilje med fokus på kontinuerleg forbetring er også viktige eigenskapar. Du må vere svært god på etterleving av HMS og etiske retningslinjer, og ha ein teknisk interesse som driv deg til å finne dei beste løysingane.
Vi tilbyr deg:Vi tilbyr ein spennande og variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil bli ein del av eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, der vi verdset samarbeid og trivsel. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode arbeidshøve og moglegheita til å jobbe i ei framtidsretta bedrift med fokus på berekraft og miljø.
Det vert lagd stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Oppstart snarast.
Har du spørsmål om stillinga? Ikkje nøl med å ring avdelingsleiar utedrift, Trond Ekelund tlf: 91842191
Om bedriften
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen, og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 199 millionar kroner.
Sektor
Offentlig
Nettsted