Me søkjer grafisk designer som vil skape vekst og gode kundeopplevingar.
Printfarm As
Nedre Storøyni 2, 6884 Øvre Årdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Grafisk Designer
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Inst i Sognefjorden finn du Printfarm - eit moderne trykkeri med sju tilsette. I over 30 år har me levert trykksaker til små og store bedrifter, og er i dag det største trykkeriet i gamlefylket Sogn og Fjordane.
Me har hovudkontor og produksjon i Årdal, salskontor i Bergen, og er eit av få trykkeri i Noreg som satsar aktivt på netthandel. Hjå oss får kunden alt dei treng på ein plass - frå visittkort og magasin til rollup, klede og profileringsartiklar.
Printfarm er ei kreativ og spennande verksemd i vekst, med kundar over heile landet. Me er Miljøfyrtårn-sertifisert, har stort fokus på kvalitet og utvikling.
No ser me etter ein ny kollega som vil vera med å utvikla bedrifta vidare!
Rolla
Hjå Printfarm får du ein variert kvardag der du kombinerer design og kundekontakt.
Du jobbar med klargjering av trykkfiler, designoppdrag og ordrehandtering. Du får vera i kontakt med kundar, utvikla nye produkt/designmalar til printfarm.no og vera med nye spennande prosjekt.
-
Førtrykksarbeid og klargjering av filer
-
Design av bøker, magasin og andre trykksaker
-
Utvikling/design av malar og produkt til nettbutikken
-
Kundemottak og rådgjeving
-
Ordrehandtering og oppfølging
-
Du har relevant utdanning innan grafisk design (eller tilsvarande erfaring)
-
Du har god kompetanse i Adobe (InDesign, Illustrator, Photoshop)
-
Du har gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg
-
Du har evna til å jobba strukturert og halde oversikt i ein variert kvardag
-
Du trives med kundekontakt og tek initiativ
-
Du er kreativ og har auge for det visuelle
-
Du er løysingsorientert og praktisk anlagt
-
Du er sjølvstendig, men likar å jobba på lag med fleire
-
Du er strukturert og påliteleg
-
Ein variert og kreativ kvardag i eit moderne trykkeri
-
Eit lite, tett og godt arbeidsmiljø
-
Moglegheit til å påverke og utvikle nye produkt
-
Arbeid med kundar over heile landet
-
AFP-ordning og tariffavtale
Om bedriften
Er du vår nye Printfarmar? Send oss ein søknad med CV og fortel kvifor du vil jobba hjå oss.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5e66166e-b0d7-4074-977d-0e98d19910bf
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
457837266