Lønskonsulent
Løn og regneskap, Helse Møre og Romsdal HF
Julsundvegen 47B, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Lønskonsulent
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon for løn og rekneskap søkjer no etter ein engasjert lønskonsulent i 100 % stilling, med arbeidstad Molde. Løn- og rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen leverer tenester av høg kvalitet i ERP systemet SAP og lønssystemet SDWorx. Hovudkontoret for løn og rekneskap er lokalisert i Molde og har i dag 22 tilsette. Som lønskonsulent vil du vere ein viktig del av lønsteamet, som består av 10 tilsette.
Snarlig oppstart blir vektlagd ved tilsetting. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for løn for eigne avdelingar i Helse Møre og Romsdal
- Oppfølging av sjukelønsrefusjonar frå NAV
- Kontroll av reiserekningar
Kvalifikasjonar
- Relevant økonomisk utdanning
- Erfaring innan lønsarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gode IT-kunnskapar
- Kjennskap til SDWorks er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og påliteleg
- Du er strukturert
- Du har gode samarbeidsevne
- Du har gode kommunikasjonsevne i norsk munnleg og skriftleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Nye og moderne lokalar
- Trivelige kollegaer
- Fleksitidsordning
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Helge Kjetil Sandblåst, Løn- og regnskapssjef, +47 40639816, helge.kjetil.sandblast@helse-mr.noRandi Myhre, Økonomidirektør, +47 97692996, randi.myhre@helse-mr.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 47B6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4911080077
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2846936
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0707a512c1714821846d7288bd04afdd