100% årsvikariat 2025/26, faglærar programfag Teknologi og industrifag (TIF)
Ølen vgs, Rogaland fylkeskommune
Litlehagen 2, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% årsvikariat 2025/26, faglærar programfag Teknologi og industrifag (TIF)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. juni
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Sandeid fengsel er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen. Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.
Arbeidsoppgåver:
100% årsvikariat faglærarstilling i programfag på teknologi og industrifag, fordelt med undervisning både i Sandeid fengsel og på skulen i Ølen.Kvalifikasjonar:
Krav til stillinga:
- Relevant fagbrev innan mekaniske fag
- Kompetanse innan særlege emne som er aktuelle for kursverksemd i Sandeid fengsel
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest (ordinær- og utvida attest for undervisning i fengsel)
Ynskja kvalifikasjonar:
- Erfaring som industrimekanikar eller innan plate/sveis
- Undervisningserfaring
Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er naudsynt.
Personlege eigenskapar:
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag.
For stillinga gjeld:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
- Det må sendast elektronisk søknad
Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til avdelingsleiar Johannes Langhelle tlf. 41786755 , ev. pr. mail: johannes.langhelle@skole.rogfk.no
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
Kontaktinformasjon
Johannes Langhelle, Avdelingsleiar, 41786755 , johannes.langhelle@skole.rogfk.noArbeidssted
Litlehagen 25580 Ølen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 4983212874
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5e46533e-338d-429a-bf8d-864d73b2cdec
- Hentet fra
talentech
- Referanse
06a4f612e44f49d68162eab639a062b6