Fast stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/PBU, Ungdomspost, Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Ungdomsposten er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er primært basert på frivilligheit men posten er også godkjent for tvang. Dei tilsette på Ungdomsposten, arbeider i snitt kvar 4. helg på Akuttposten.
Oppgåvene til Ungdomsposten er knytt til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiatere, psykolog/psykologspesialistar, - samt legar i spesialisering (LIS).
Vi søker erfarne, engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. For å få ein variert balanse i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Det er ønskeleg at eit fleirtal av personalet skal ha spesialisering eller vidareutdanning innan sitt fagfelt.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging/miljøkontakt i post - observere, kartlegge og dokumentere pasientane sine behov, samt iverksette miljøterapeutiske tiltak
- Kvar pasient har eit team knytt til seg beståande av 2 miljøkontaktar og ein behandlar som samarbeider tett om inntak, utgreiing og behandling av pasienten
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkelt pasient
- Å ha kontakt med pårørande blir sett på som ein naturleg del av det miljøterapeutiske arbeidet
- Inntak av nye pasientar
- Praktiske oppgåver
- Ansvarsvakt
- Administrering av legemiddel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanning
- Erfaring innan psykisk helsearbeid
- Fagleg engasjement innan psykisk helsearbeid
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows OS og Office)
- Ønskeleg med kunnskap om EPJ (elektronisk pasientjournal)
- Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg godt
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
Personlege eigenskapar
- Har respekt for den enkelte pasient
- Er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- Har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksibel
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
- Er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg handling
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Er motivert til å arbeida i eit aktivt og travelt miljø, og har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
- Arbeid i snitt kvar 4. helg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Internundervisning
- Fagdagar blir lagt fast i turnus x 2 pr. år med tema som er knytta til kva posten har behov for
- Fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing av ekstern rettleiar kvar 4 veke for fast tilsette
- Alle tilsette får 2 dagars grunnkurs i Map trening. (møte med aggresjons-problematikk)
- Regelmessig Map trening ligg fast i turnus
- Introduksjonskurs/brannkurs m.m via læringsportalen
- Fadderordning for nye medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- PBU er ein IA- bedrift, inkluderande arbeidsliv for ivaretaking av arbeidstakarar ved sjukdom
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Astrid Bjorøy, Seksjonsleiar, 55975844Arbeidsstad
Haukelandsbakken 155021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4991416315
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Astrid Bjorøy
Seksjonsleiar
55975844
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5e42c158-0b02-46a4-9cf6-bf18c827798f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fc03192305754665a591b12e83bfdbae