Seksjonsleiar Ungdomsposten
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar Ungdomsposten
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. februar
Vil du vere med å vidareutvikle og forbetre tilbodet til psykisk helsevern for barn og unge?
Du kan bli ein av klinikkens seksjonsleiarar. Klinikk psykisk helsevern for barn og unge sitt tilbod består hovudsakleg av poliklinisk utgreiing og behandling av barn og unge med psykiske vanskar. I tillegg har klinikken døgnplassar for akutte og planlagde innleggingar. Tenesta er basert på kunnskapsbasert praksis innanfor den biopsykososiale forståingsmodell. Klinikken er i ein spennande utvikling.
Les meir om ossVed den elektive posten for ungdom er det ledig fast stilling som seksjonsleiar. Ungdomsposten er ein post med 10 sengeplassar for ungdom mellom 13 og 18 år. Posten har nært samarbeid med dei to øvrige døgnpostane. I tillegg vil det bli ein dagpost for pasientar med spiseforstyrringar tilknytta posten. Det er 32 årsverk ved posten, legar, psykologar, miljøterapeutar, sekretær. Leiar har det totale ansvar for postens tilsette.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest jfr. Lov om helsepersonell §20A.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar vil ha det faglege, økonomisk og personalansvar for posten
- Seksjonsleiar inngår i klinikken sin leiargruppe
- Seksjonsleiar samarbeider aktivt med øvrige leiarar i klinikken
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha relevant høgare utdanning på masternivå
- Søkar må ha leiarerfaring
- Søkar må ha kunnskap om psykiske lidingar (fortrinnsvis om barn og unge)
- Søkar må ha god fagleg forståing
Personlege eigenskapar
- Ønsker ein person som har gode evner til god kommunikasjon og samarbeid
- Personen må vere samlande, engasjerande og bidra til klinikkens utvikling
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Bente Monstad, ass.klinikkdirektør, 55 97 44 51Arbeidsstad
Haukelandsbakken 155021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5055376399
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Bente Monstad
ass.klinikkdirektør
55 97 44 51
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5e3a19fd-8447-4ef2-b802-9f503810960d
- Sist endret
15. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f3505ce35fce48b698b3749c9310a940
Lignende annonser
Klinikkoverlege
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Psykolog i sjukehus
Arbeidsgiver
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)/ Spesialpoliklinikken, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
Sted
Bergen