Pedagog i spansk
Setesdal vidaregåande skule, avd. Hornnes, Agder fylkeskommune
Gymnasvegen 7, 4737 Hornnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagog i språkfag
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. april
Har du sterk interesse for språk og undervisning? Har du kompetanse innan spansk og evt. andre fag? Då kan du vere den vi leitar etter!
Vi søkjer ein engasjert og dyktig pedagog til ei inntil 50% fast stilling ved Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes. Stillinga inneber hovedsakleg undervisning i spansk. Har du undervisningskompetanse også i andre fag, vil det og bli vurdert. Du vil vere ein viktig del av vårt lærarkollegium og bidra til å styrkje elevane sine språklege ferdigheiter og kulturelle forståing. Ved tilsetting vil personlege eigenskapar bli vektlagde. Det kan vere mogleheit for utviding av stilling om det blir behov.
Setesdal vidaregåande skule består av avdelingane Hornnes, Valle og Hovden, der Hornnes er den største avdelinga med om lag 180 elevar. Skulen sin visjon er "Vi vil vere ei drivkraft for kunnskap, utvikling og mangfald". Avdelinga på Hornnes har utdanningstilbod innan programområda studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag og bygg- og anleggsteknikk. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader, har gode bussamband frå Kristiansand og eit godt læringsmiljø der elevane trivst.
Vi tek atterhald om eventuell overtal i fylkeskommunen.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i spansk og evt. andre fag.
- Tilrettelegging for elevane si læring og utvikling, ved å undervise og vurdere på varierte måtar.
- Samarbeid med kollegaer og deltaking i faglege møter.
- Rettleiing og oppfølgjing av elevar.
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning og relevant kompetanse innan spansk og evt. andre fag.
- Erfaring frå undervisning på vidaregåande nivå er ein fordel.
- Gode IKT-kunnskapar.
Framvising av politiattest er ein føresetnad for tilsetting. Innhenting av politiattest for personalet i skulen er regulert i opplæringslova § 10-9 og forskrift til opplæringslova kapittel 15.
Personlege eigenskaper
- Du skapar gode relasjonar med ungdommar.
- Du har tålmod, empati og tilpasningsevne.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
- Du er god på planlegging, orden og struktur.
- Du har evne til å motivere, og er engasjert i elevane si læring og trivsel.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som legg vekt på tillit, meistring og samarbeid.
- Moglegheit for fagleg utvikling og samarbeid med dyktige kollegaer.
- Ein skule med god oversikt over elevane.
- Les meir om skulen vår her: www.Setesdal.vgs.no
- God pensjonsordning i SPK. For meir informasjon om godane våre, sjå www.agderfk.no/jobb
Kontaktinformasjon
Helene Dovland, Avdelingsleiar , +4798828100
Jens Petter Røed, Rektor, +4746937401
Arbeidssted
Gymnasvegen 7
4737 Hornnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Agder fylkeskommune
Referansenr.: 4944021000
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 22.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Jens Petter Røed
Rektor
+4746937401
Helene Dovland
Avdelingsleiar
+4798828100
Om bedriften
Bli med å utvikla regionen vår saman med dyktige og engasjerte kollegaer! Viss du brenn for å gjera Agder til ein endå betre stad å leva, kan Agder fylkeskommune vera arbeidsgivaren for deg. Samfunnsoppdraget kan oppsummerast gjennom hovudmålet i Regionplan Agder 2030 om å utvikla Agder til ein miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig region i 2030 - eit attraktivt lågutsleppssamfunn med gode levekår. I Agder fylkeskommune er eit tillitsbasert medarbeidarskap og meistringsorientert leiing grunnleggjande for korleis me løyser samfunnsoppdraget.
Fylkeskommunen er det regionale forvaltingsorganet som blir styrt av det folkevalde fylkestinget. Agder fylkeskommune har over 3 000 kompetente tilsette som arbeider med vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, tannhelse, samferdsel, fylkesvegar, kollektivtransport, kultur og ei rekkje andre fagfelt innan regionale utviklingsområde.
Agder fylkeskommune er oppteken av eit inkluderande arbeidsliv og av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i samfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Agder fylkeskommune praktiserer meiroffentlegheit, jf. offentleglova § 11. Offentleg søkjarliste vil normalt innehalda namn på alle søkjarane. Det må finnast særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. offentleglova § 25. Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell behandling, gjer me merksam på følgjande: Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjar vil då få tilsendt informasjon om dette jamfør offentleglova § 25
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2903499
- Hentet fra
talentech
- Referanse
60d2cb4aebb148359884bbb5de2fd827