Hopp til innhold

Funksjonsleiar

Arbeidsgiver

Gynekologi leger Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Funksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Vil du bli vår nye funksjonsleiar for gynekologi leger i Haugesund? Ein spennande moglegheit for deg som er opptatt av mennesker, utvikling og leiing!Som funksjonsleiar får du delta i klinikkens leiargruppe og vil ha nært samarbeid med avdelingsleiar. Du får moglegheit til å utvikle leiarkompetansen din gjennom eit leiarutviklingsprogram, samt bidra til utviklinga av faget føde og gynekologi i Haugesund.

Vi er ein del av føde- og gynekologisk avdeling i kirurgisk klinikk og er klassifisert som kvinneklinikk. Dette innebærer at vi tar imot risikofødslar fra heile Helse Fonna sitt nedslagsfelt. I samarbeid med Odda og Stord har vi omlag 1300 fødslar i året. Vi har ca 9000 polikliniske konsultasjoner pr år fordelt på fødepoliklinikk, diabets-fødepoliklinikk, tidligultralydscreening og rutine ultralydscreening, gynekologisk poliklinikk, urogynekologisk poliklinikk og gynekologisk-onkologisk poiklinikk. 
Av operasjoner har vi ca 2000 pr år fordelt på sentraloperasjon, dagkirurgisk operasjon og polikliniske operasjoner. I tillegg har vi landet 3. Største offentlige fertilitetsavdeling. I tillegg driver vi spesialistutdanning og har også medisinstudenter utplassert fra UiB. I 2030 blir vår avdeling en del av Vestlandslegen. 

Avdelingens leger består av 8 spesialister, 1 legespesialist, 3 konstituerte overleger og 8 LISer. Avdelinga byr på eit dynamisk miljø med høg fagleg kompetanse, dyktige kollegaer og gode samarbeidsforhold. 

Har du lyst til å vere med og forme framtida for føde- og gynekologifaget i Helse Fonna? Då håpar vi å høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

  • Delta aktivt i leiargruppa ved Føde- og gynekologisk avdeling og Kirurgisk klinikk.
  • Leie, utvikle og motivere legegruppa.
  • Ha personalansvar og bidra til kompetanseutvikling for legane.
  • Ha fagleg ansvar for gynekologisk eining og bidra til vidare utvikling av fagområdet.
  • Sikre god bemanning og effektiv ressursplanlegging for drift og vaktordningar.
  • Ha budsjett- og økonomiansvar for legegruppa.
  • Drive systematisk arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit.
  • Delta i klinisk arbeid.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskjeleg.
  • God økonomiforståing og evne til heilskapleg ressursstyring.
  • Erfaring frå føde- og gynekologisk avdeling er ein fordel.
  • Kjennskap til DIPS og Natus er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du er: 
  • er motivert for leiing og utvikling av medarbeidarar
  • arbeider strukturert og systematisk
  • har gode samarbeidsevner og trivst med teamarbeid
  • er målretta og oppteken av å skape resultat
  • er sjølvstendig, tydeleg og handlekraftig
  • er fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag

Personlige eigenskapar og motivasjon for stillinga blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Delta i eit leiarutviklingsprogram som styrkjer kompetansen din som leiar.
  • Ei unik moglegheit til å vidareutvikle faget og fødetilbodet i Haugesund.
  • Tett samarbeid, støtte og oppfølging frå avdelingsleiar.
  • Ein aktiv rolle i klinikken si leiargruppe, der du kan påverke strategiske avgjerder.
  • Ei avdeling med høg fagleg kompetanse, engasjerte medarbeidarar og eit godt samarbeidsklima.
  • Moglegheit til å kombinere leiing med klinisk arbeid.
Som funksjonsleiar får du vere med på å forme framtida for kvinnehelsetenestene i Helse Fonna, saman med dyktige kollegaer i eit sterkt fagmiljø.Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingvild Svåsand, Funksjonsleder leger gyn, 52755707
Sidsel Petrine Vetås, Avdelingsleiar, +47 52732326

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5177772023
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Sidsel Petrine Vetås

Avdelingsleiar

+47 52732326

Ingvild Svåsand

Funksjonsleder leger gyn

52755707

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5dce6f78-96ee-4744-951d-3f44f6e3351c

Sist endret

6. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6a50db94d5fe48428ae712f7b40c97bf

Lignende annonser

Laster lignende annonser