Portør
Seksjon for forsyning og interntransport SNRHelse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlensvei 1, 6508 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Portør
Oppstart
7. august 2023
Antall stillinger
1
Seksjon for forsyning og interntransport SNR har ledig fast 11% stilling som portør (arbeid kvar andre helg) ved Kristiansund sjukehus frå 07.08.2023
Klinikk for drift og eigedom er organisert i tre avdelingar med underliggande seksjonar. Seksjon for forsyning og interntransport SNR høyrer til Avdeling for logistikk og forsyning. Seksjonen sine ansvarsområde er drift av lager, aktiv forsyning og interntransport, sengesentral og tekstil.
Med fokus på kundebehov og kvalitet skal alle tenestene i Helse Møre og Romsdal legge til rette for god og trygg pasientbehandling.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Handtering av avfall og tøy fra avdelingane
- Sjåføroppgåver mellom anna med køyring av mat, varer og innhenting/levering på legekontor
- Anna førefallende arbeid
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå fagområdet er ønskjeleg men ikkje eit krav
- God helse og fysikk
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidseigenskapar
- Strukturert, effektiv og nøyaktig
- Sjølvstendig og iniativrik
- Punktleg, stabil og påliteleg
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Cicilie Drågen Frendal, Seksjonsleiar, +47 48209533Arbeidsstad
Herman Døhlensvei 16508 KRISTIANSUND N
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4667550160
Stillingsprosent: 11%
Fast
Startdato: 07.08.2023
Søknadsfrist: 08.06.2023
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2349209
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ec238cd63fa14422955a0d88caa88a51