Fagarbeidar på Hovden skule
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Skulevegen 6, 6160 Hovdebygda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar Hovden skule - Vikariat
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 90%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Hovden skule i Ørsta kommune har behov for fagarbeidar i skule og SFO. Arbeid i ferie-SFO vil utgjere ein del av stillinga. Vi har ledig eitt vikariat i 90 % frå dags dato og ut skuleåret 2025/2026.
Hovden skule er ein 1-7 skule med SFO. Det er omlag 110 elevar på skulen og ca 20. tilsette samla i skule og SFO.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar, og du forpliktar deg til å jobbe i samsvar med desse:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling- gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Arbeidsoppgåver
- Arbeide med elevar i skule og SFO, og vere ein del av grunnbemannniga på SFO og ferie-SFO
- Assistere elevar med særskilte behov
- Følgje opp og arbeide med både enkeltelevar og elevgrupper
- Gjennomføre undervisningsopplegg, planlagt av, og under rettleiing av pedagog
- Delta i praktisk tilrettelegging av elevar sin skule- og SFO-kvardag
- Delta aktivt under måltid, friminutt og på turar
- Bruke elevane sitt kommunikasjonsverktøy aktivt
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar (fagbrev) med erfaring frå arbeid i grunnskulen
- Søkjarar med erfaring frå liknande miljøarbeid vil også kunne vere interessante for stillinga
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse
- Er løysningsorientert, fleksibel og sjølvstendig
- Har eit positivt elevsyn og vektlegg inkludering av born med særskilte behov
- Er ein god rollemodell og ein trygg og tydeleg vaksenperson
- Tek i mot rettleiing og er lojal mot våre rutiner
- Er god på samarbeid både med born, føresette og andre tilsette
- Kan bidra til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og eit stimulerande arbeidsmiljø der elevane si læring og utvikling står i sentrum
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4 gr.1.2 - Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7517 - Barne- og ungdomsarbeidar, 6684 - Miljøarbeidar alternativt 6572 - Assistent
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Annelin Wangen, Rektor, 91248476, annelin.wangen@orsta.kommune.noArbeidsstad
Skulevegen 66160 Hovdebygda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5007962958
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 14.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5db787a5-a4b5-414e-82f3-7aa0d2ac75c4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40e0ea3d7a334a399767de0465e24085