100 % avtaleheimel i klinisk psykologi i Bergensområdet
Helse Vest RHF
Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % avtaleheimel i klinisk psykologi i Bergensområdet
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i klinisk psykologi er ledig frå 01.12.2025, eller etter avtale.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, med vekt på erfaring som spesialist. Erfaring frå arbeid med vaksne vil bli tillagt vekt
- evne til å gjennomføre målretta og avgrensa pasientforløp i tråd med mandatet til spesialisthelsetenesta
- personlege eigenskapar
- samarbeid med andre
- innretning av praksis
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom Helse Vest RHF og Norsk psykologforening.
Arbeidsoppgåver
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen. Avtalespesialisten skal inngå samarbeidsavtale med Solli DPS. Det er etablert ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket/private ideelle ("ein-veg-inn"). Avtalespesialisten mottar pasientar frå Solli DPS.Vilkår og rammer
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.Kontaktinformasjon
Torleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822Arbeidsstad
Knud Holms gate 84005 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest RHFReferansenr.: 4956205666
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 06.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Torleiv Bergland
Rådgiver
415 33 822
Om bedriften
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919560
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ccbed4893ca64588987202ced55970d3