Vikariat som driftseiningsleiar ved Felles eining for påtale
Vest politidistrikt
Allehelgensgate 6, 5016 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat som driftseiningsleiar FP
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. desember
Om stillinga
I Vest politidistrikt ved Felles eining for påtale er det ledig eit vikariat som politiinspektør, SKO 0290, med funksjon som driftseiningsleiar. Vikariatet varer frå tiltreding til 01.02.2027 med mogleg forlenging.
Vi søkjer ein samfunnsengasjert og resultatorientert leiar med kompetanse innan fagområda som høyrer til påtale. Som leiar av driftseininga utøver du på vegner av politimeisteren det løpande, faglege ansvaret for straffsaksarbeidet i distriktet og har direktivmyndighet innan fagområdet. Stillinga inngår i politimeisteren si leiargruppe.
Vi søkjer deg som blir motivert av sjansen til å utvikle norsk politi vidare til eit kompetent og effektivt politi. Arbeidet skal vere i takt med samfunnsutviklinga med bruk av moderne verktøy og arbeidsmetodar. Som leiar i politiet skal du nå resultat på alle område, i dagleg drift og ved kriser.
Felles eining for påtale består av 7 seksjonar, inkludert éin for sivil straffesaksstøtte. Kvar seksjon blir leia av ein seksjonsleiar med ansvar for den daglege drifta. Seksjonsleiarane utgjer saman med leiar for driftseininga, driftseininga si leiargruppe. I seksjonane arbeider dyktige og erfarne juristar med påtalearbeid i tett samarbeid med dedikerte medarbeidarar innan sivil straffesaksbehandling
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, budsjett- og HMS-ansvar
- Resultatansvar for straffesaksbehandlinga i politidistriktet
- Ansvar for løpande og systematisk kvalitetskontroll og oppfølging av straffesaksporteføljen til distriktet
- Samarbeide internt med leiarar av funksjonelle og geografiske driftseiningar
- Samarbeide med statsadvokatane, domstolane og andre eksterne aktørar og samarbeidspartnarar på straffesaksområdet
- Leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og syte for systematiske forbetringar innan fagfeltet
- Bidra til at fagområdet inngår i politiet sitt strategiske arbeid og verksemdsplanlegging
- Vere ein pådrivar og støttespelar for utviklinga av eit godt medarbeidarskap og ønska kultur
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
- Utdanning innan organisasjon og leiing, helst frå universitet eller høgskule
- God fagleg kompetanse innan straffesaksfeltet
- Minst 3 års leiarerfaring
- Kunnskap om personal- og økonomistyring, og statleg avtaleverk
- Kunne vise til gode resultat i tidlegare stillingar
- God skriftleg og munnleg framstilling på norsk
- Evne til å ta i bruk digitale løysingar for effektivt å løyse arbeidsoppgåvene
- Kunnskap og erfaring innan HMS
Det er dessuten nødvendig at du:
- Må kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetsloven
- Har plettfri vandel og er skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41
Det er også ønskjeleg med:
- God kunnskap om offentleg forvaltning
- Erfaring frå å leie omstillings-, endrings- og utviklingsprosessar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å setje retning, drive endring og motivere sine medarbeidarar
- Evne til å handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
- Evne til å jobbe under høgt arbeidspress og vere mål- og resultatorientert med god gjennomføringsevne
- Gode kommunikasjonsevner og vere ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å være modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjar og medarbeidarplattform her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtida sine polititenester
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga vert lønna som politiinspektør (SKO 0290) med årslønn frå kr. 1.310.000,- . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Gode arbeidsvilkår (arbeidstid vert regulert i tråd med særavtale for uregulert arbeidstid)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5d6ecca7-7b52-4024-95ef-ae47cf169e7e
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10272419
Lignende annonser
Spesialetterforsker økonomisk kriminalitet
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Strategisk materiellansvarlig
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Politibetjent med funksjon som etterforsker ved Seksjon for vold og seksuelle overtredelser
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen