Ynskjer du å jobba i eit av landets desidert vakraste kontorlandskap?
Sygnir
Dalavegen 25, 6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Energimontørar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 16. mai
Vil du vera med på å rusta Sogn for det grøne skiftet? Å utgjera ein forskjell og vera med å forma regionen for framtida? Søk deg inn som energimontør i Sygnir! Vår drift av samfunnskritisk infrastruktur krev topp kvalifiserte energimontørar. Omringa av det kanskje vakraste og råaste kontorlandskapet i Noreg står våre montørar ovanfor utfordringar som krev både kreativitet og teknisk ekspertise. Om du har fagbrev som energimontør, og ynskjer å arbeida i Noreg sitt brattaste nettselskap, vil me høyra frå deg!
Me har for tida ledig stilling på montørbasane i Aurland og Sogndal.
Arbeidsoppgåver- Byggja, montera og dokumentera kabelanlegg, nettstasjonar, transformatorstasjonar og linjer i små og store prosjekt
- Drift og vedlikehald av eksisterande nettanlegg
- Kan bli pålagd å delta i Sygnir si vaktordning
- Fagbrev energimontør
- Førarkort klasse B, og gjerne klasse C
- Flytande i norsk, både munnleg og skriftleg
- Stor vekt på HMS, og du tek aldri snarvegar
- Evne til å skapa ein trygg og sikker arbeidskvardag
- Fagleg dyktigheit og ein naturleg problemløysar
- Sjølvstendig arbeidsstil, kombinert med gode samarbeidsevner
- Dyktig til å ta i bruk digitale verktøy
- Rettleia og vera eit førebilete for lærlingane
- Moglegheit for støtte til vidare og etterutdanning
- Treningstilskudd og personalforeining. Her finnes det noko for ein kvar smak!
- Gode pensjonsordninger (6% av lønn inntil 7,1G -- 18% av lønn mellom 7,1G og 12G)
- God person- og reiseforsikring, samt behandlingsforsikring
- 7,5 timars arbeidsdag med betalt lunsj
Ta kontakt med baseleiar Hans-Erik Vikøren på tlf. 99 09 90 43 om du har spørsmål vedrørande stillingane i Aurland og Lærdal, og baseleiar Martin Hove på tlf. 94 85 66 06 vedrørande stillinga i Sogndal.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Om bedriften
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 160 ihuga medarbeidarar. Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi. Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
Sektor
Privat
Nettsted