Har du lyst til å hjelpe folk i Florø med å ta smarte val i økonomien?
Sparebanken Norge
Strandgata 17, 6905 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Finansiell rådgiver
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Frist: Vi vurderer søknader fortløpende
I Sparebanken Norge bygger vi noko heilt nytt. To solide, verdidrevne bankar har blitt til éin -- og sammen skaper vi Noregs beste sparebank. Hos oss handlar det først og fremst om folk -- både kundane og kollegaene våre.
Eit sterkt lokalt lag -- i ein nasjonal bank
I Florø er vi ni kollegaer som jobbar tett sammen for å gi kundane våre gode opplevingar -- kvar dag. Vi har høgt tempo, varierte dager og stor takhøgd, og vi spiller kvarandre gode med engasjement og fagleg tryggleik.
No er vi på utkikk etter to nye rådgjevarar til vårt team i Florø, og vi ser etter deg som vil ha din eigen kundeportefølje -- og som ønskjer ein trygg start med god opplæring og tett støtte frå eit lag som heiar på deg.
Kva går jobben ut på?
Du blir ein viktig rådgjevar for personkundane våre, og får ansvar for ei etablert portefølje med gode relasjonar. I tillegg skal du bygge nye -- gjennom tillit, gode samtalar og heilskapleg rådgjeving innan bustadlån, sparing og forsikring fra Frende.
Du møter kundane både fysisk og digitalt, og brukar både fagkunnskap og mellommenneskelege ferdigheiter for å hjelpe dei å ta gode val -- i kvardagen og for framtida. Og du gjer det aldri åleine: Vi jobbar tett sammen og lyfter i lag.
**Kven er du?**Du treng ikkje kunne alt frå dag éin. Det viktigaste for oss er at du har rett innstilling, bryr deg om folk -- og har lyst til å lære.
Kanskje har du erfaring frå rådgjeving, kundeservice eller sal. Kanskje har du høgare utdanning innen økonomi -- eller jobber med noko heilt anna i dag. Vi er opne for å bli kjent med deg.
Hos oss lukkast du viss du:
• er trygg i møte med folk og flink til å forklare ting enkelt
• trivst med å ha mange ballar i lufta og jobbar strukturert
• likar å ta ansvar, setje deg mål -- og nå dei
• er nysgjerrig og lærevillig -- og ikkje redd for å prøve nytt
Vi ser helst at du har høgare utdanning, fortrinnsvis innan økonomi. Samtidig vet vi at relevant erfaring frå andre fagområde også kan vere verdifull -- og vi er nysgjerrige på kva du kan bidra med.
Er du autorisert innen kreditt, sparing og forsikring, er det flott. Viss ikkje, hjelper vi deg med det.
Kva får du hos oss?
I Sparebanken Norge får du meir enn ein jobb -- du blir ein del av eit lag med store ambisjonar og sterke verdiar. Vi er tett på kundane våre og tett på kvarandre.
Hos oss får du:
- ein god og trygg start gjennom «Sterk start»-programmet vårt
- kollegaer som heiar på deg og deler kunnskap
- fagleg og personleg utvikling -- i eit miljø som vil deg vel
- ein meiningsfull jobb der du faktisk gjer ein forskjell for folk
Du blir ein del av vårt tverrfaglige miljø i Florø, der vi jobbar tett sammen for å gi god rådgjeving og ekte oppfølging. Vi er stolte av å vere ein lokal bank -- og til stades når det gjeld.
Klar for å bli med på laget?
Vi håpar å høyre frå deg -- enten du har lang erfaring eller ser etter din første faste jobb. Vi vurderer søknader fortløpande, så ikkje vent for lenge!
Ta gjerne kontakt med banksjef Lone Bareksten for ein uforpliktende prat -- vi tek gjerne ein kopp kaffi eller ein telefon!
Vi gjer merksam på at det kan bli kravd politiattest og stadfesting frå Brønnøysundregistra, i tråd med finansføretakslova.
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5d46ffdb-54a3-46f5-b679-d69de3e0dfdf
- Hentet fra
FINN
- Referanse
415066546