Hopp til innhold

Assistent 60%

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Eidavegen 512, 5993 Ostereidet

Om jobben

Stillingstittel
Assistent 60%
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Om stillinga

 Vil du ha ein meiningsfull jobb der du verkeleg betyr noko for andre – kvar einaste dag?
Heimetenesta på Ostereidet søkjer no ein engasjert og omsorgsfull assistent i 60 % fast stilling til vårt dyktige og inkluderande team.

 


Arbeidsoppgåver

Som assistent vil du mellom anna:
  • Bistå med heimehjelp
  • Bistå med personleg pleie
  • Skape trygge og gode møter med brukarane
  • Observere og rapportere endringar i helsetilstanden
  • Samarbeide tett med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre kollegaer
  • Vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

 


Om avdelinga

 Heimetenesta i Alver kommune består av 6 geografiske områder, der Ostereidet er ei avdeling som er plassert sentralt på Ostereidet. Vi er ei liten avdeling med ca 11 årsverk som gir tenester til brukarar som bur i vårt område. Vi har god fagdekning på avdelinga, med driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har eit tett samarbeid med Ostertunet der vi blant anna har felles sjukepleiarteam på kveld og helg. 


Kvalifikasjonskrav

  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Søkjarar med erfaring frå heimeteneste og/ eller med medisinmynde vil bli prioritert

Kven er du?

Vi ser etter deg som:
  • Er ansvarsbevisst, påliteleg og fleksibel
  • Trivst både med sjølvstendig arbeid og arbeid i team, 
  • Kan like ein travel kvardag og klarer å gjere gode prioriteringar. 
  • Har gode kommunikasjonsevner på norsk, munnleg og skriftleg
  • Har erfaring frå heimetenesta. Dette er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Har medisin delegering og erfaring med utdeling av medisinar. Dette er ein fordel, men ikkje eit krav

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Katrine Kleppe

Einingsleiar

+4745316513

katrine.kleppe@alver.kommune.no

Om bedriften

Som medarbeidar hos oss har du ein spanande  og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad» 
Heimetenesta har einingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.Kvar eining er organisert med eigen einingsleiar og avdelingsleiar. 
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5d1b80ae-a1e5-4c14-8d86-6252c8f02527

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10280053

Lignende annonser