Hopp til innhold

På jakt etter ein meiningsfull jobb der du får påverke framtidas dagsenter?

Arbeidsgiver

Suldal kommune Suldal heimeteneste

Sted

Bjødnateigvegen 21, 4230 Sand

Om jobben

Stillingstittel
Kokk/aktivitør dagsenter
Type ansettelse
Engasjement, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. februar

Engasjement 20% stilling som kokk/aktivitør i Heimetenesta – dagsenterdrift Stølane, inkl vidareutvikle drift ilag med frivillige  

Om stillinga 

Heimetenesta i Suldal søkjer ein engasjert medarbeidar i 20% stilling (engasjement)  som kokk/aktivitør i perioden ut året (2026) knytt til dagsenterdrifta på Stølane. I løpet av 2026 skal kommunen vidareutvikle dagsentertilbodet ved å opne for, eit nært og nødvendig samarbeid mellom kommunalt tilsette og frivillige for ei vidare drift. Målet er å legge til rette for at frivillige kan ha ei aktiv rolle og eit medansvar for innhald, aktivitetar, matservering og sosialt fellesskap ved dagsentra ute i grendene. 

Arbeidsoppgåver 

  • Planlegging og tilrettelegging av måltid (vi tek no i bruk kok-kjøl-løysinga frå Suldal sjukeheim) og enkle matopplevingar saman med brukarane. 
  • Bidra i gjennomføring av sosiale og trivselsskapande aktivitetar. 
  • Støtte og rettleie frivillige i drifta 
  • Vere ein positiv pådrivar for samarbeidet mellom brukarar, frivillige og kommunen. 
  • Delta i utviklingsarbeid for å fremje nye løysingar der eldre og innbyggjarar er aktive ressursar i drifta. 

Vi søkjer deg som 

  • Har utdanning eller erfaring som kokk, aktivitør, miljøarbeidar eller liknande. 
  • Har evne til å skape gode relasjonar og trivsel i møte med eldre og frivillige. 
  • Er fleksibel, løysingsorientert og har tru på at lokal deltaking gjev meirverdi. 
  • Kan arbeide sjølvstendig og vere ein inspirator i vidare utvikling av tilbodet. 

Vi tilbyr 

  • Ei meiningsfull stilling der du får påverke framtidas dagsenterdrift. 
  • Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø. 
  • Moglegheit til å vere med på å utvikle nye modellar for frivillig deltaking i kommunen. 
Andre opplysningar:
  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Svanhild Løge Skålheim

+47 99362523

svanhild.skaalheim@suldal.kommune.no

Om bedriften

Psykisk helse: Psykisk helse er organisert under Suldal Heimetenester i lag med heimesjukepleie og tildelingskontoret. Psykisk helseteneste gir tilbod til barn, unge og vaksne med psykiske vanskar og livskriser, og til deira pårørande. Tilbodet blir gitt som heimebesøk eller i lokala våre på Bjødnateigen. I psykisk helse jobbar me individuelt, i nettverk og i ulike aktivitetstilbod. Barne- og familieteamet gir tilbod til barn, unge og familiar. Brukarstemma er viktig for oss, og skal stå sentralt i utforminga av tilbodet me gir. Tildelingskontoret: Tildelingskontoret for tildeling av helse og omsorgstenester i Suldal kommune ligg organisert under Suldal Heimetenester. Tildelingskontoret fungerer som ei «dør inn» til helse- og omsorgstenesta, med mål om å gi god handsaming og kvalitet til alle som tek kontakt med kommunen for å søkje om helsetenester. Tilsette på tildelingskontorett har god kjennskap til tenestene kommunen tilbyr og er serviceinnstilt. Tenestene blir tildelt etter ei individuell vurdering med fokus på brukarmedverknad, dialog og samhandling. Suldal Heimetenester: Heimesjukepleien tilbyr heimebaserte tenester i alle grendene i Suldal kommune, og er organisert i lag med psykisk helse og tildelingskontoret. Me tilbyr helsehjelp i heimen, praktisk bistand, middagsombringing og ulike dagaktivitetstilbod. Suldal Heimetenester tilbyr og kvardagsrehabilitering, førebyggjande heimebesøk og velferdsteknologiske løysingar. Dei tilsette i heimesjukepleien arbeidar sjølvstendig, er fleksible og løysingsorienterte. Me har fokus på å yte tenester av god fagleg kvalitet, der spørsmålet «kva er viktig for deg?» står sentralt i møte med brukarane våre.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5d15fe4f-7f8a-4246-a010-b846bfa2c105

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3591379_203561_nn

Lignende annonser