Ferievikar 2025 - Kjøkken - Sogndal (SHOS)
Sogndal kommune Kjøkken - Sogndal helse og omsorgssenter
Skulevegen , 6851 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 24. februar
Vil du bli vår nye kollega i sommar?
Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til kjøkkenet på Sogndal helse og omsorgssenter.
Hovudoppgåvene på kjøkkenet er å forbereda alle måltid for bebuar og dagbrukar på SHOS. Det blir servert varme og kalde retter, spesialkost for dei som treng det, samt middagsmat som vert køyrt ut til heimebuande. All mat blir tilbereda frå botnen av og i tråd med retningslinjene for institusjonskjøkken.
Arbeidsoppgåver:
- tilberede mat
- skrelling av poteter og grønnsaker
- utlevering av mat
- oppvask
- ivareta hygiene
Arbeidsperioden vil vere i tida 23.06.2025 - 17.08.2025 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe.
Elevar innanfor restaurant- og matfag vert oppmoda om å søkje.
Kvalifikasjonar:
- ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- vere fylt 18 år
Personlege eigenskapar:
- evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
- Imøtekommande
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Ein variert og god arbeidsplass der me prioriterer god service.
- Opplæring
- Løn etter kommunal tariff
- Bistand med å skaffe bustad
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Tilsetjing blir gjort fortløpande.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2826831
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3448235_200289_nn