Avsnittsleiar
Avsnitt for etterforsking av SO og grov vald Nordmøre og Romsdal, Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE)
Storgata 43, 6508 Kristiansund N, Molde, Møre og Romsdal
Om jobben
Stillingstittel
Avsnittsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi har ledig ei fast stilling som avsnittsleiar ved vårt avsnitt for etterforsking av seksuelle overgrep og grov vald med arbeidsstad anten i Molde eller Kristiansund.
Vi ser etter ein leiar som er særskilt motivert for fagfeltet, i tillegg til å vere positiv, resultatorientert og kreativ. Du trivast med å jobbe i team og har høgt fokus på å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø på avsnittet. I stillinga skal du utvikle gode rutiner for drift av avsnittet i tråd med sentrale og lokale retningslinjer. Derfor er det også viktig å vere samfunnsorientert og ha god heilskapleg forståing for avsnittet si rolle i Møre og Romsdal politidistrikt og samfunnet for øvrig.
Ein del av arbeidet ved avsnittet er hendingsstyrt. Derfor ser vi for oss at du har evne til å takle høgt arbeidspress i periodar. Du vil også bidra i saker i form av rolle som politifagleg etterforskingsleiar, ta avhøyr eller utføre andre etterforskingsskritt.
Avsnittet er ein del av seksjon for etterforsking ved FEFE og avsnittsleiar er ein del av seksjonen si leiargruppe. I tillegg deltar avsnittsleiar i nasjonale faggrupper, forum og diskusjonsgrupper. Fagfeltet er høgt prioritert og i denne stillinga får du moglegheit som leiar til å bli med og utvikle faget, sikre høg kvalitet og samarbeide med dyktige medarbeidarar i politidistriktet.
Arbeidsstad er i Molde eller Kristiansund. Noko reiseverksemd må påreknast.
Vi oppmodar særskilt kvinner om å søke på politileiarstillingar.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle avsnittet innanfor dei strategiar, planar og mål som er sett med fokus på fag, medarbeidarar og produksjon
- Drive aktiv prioritering av ressursar og straffesaker tillagt avsnittet i samarbeid med funksjonelle og geografiske einingar
- Sørge for at dei faglege oppgåvene som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Handtere eiga saksportefølje og bidra i etterforskingar på avsnittet gjennom aktiv utøving av ulike etterforskingsskritt og etterforskingsleiing
- Delta i regionale og nasjonale fagnettverk, og følge opp sentrale krav og føringar
- Overordna ansvar for fagleg utvikling og kompetansebygging ved avsnittet, herunder legge til rette for OÅO, systematisk erfaringslæring og kunnskapsbasert forbetringsarbeid
- Samhandle med eksterne samarbeidspartnarar innan fagområdet
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og medarbeidertilfredsheit i organisasjonen
- Ansvarleg for å drive systematisk HMS arbeid ved avsnittet
- Bidra aktivt i seksjonen si leiargruppe
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skolen
- Brei arbeidserfaring innan etterforsking av alvorlege straffesaker
- Brei erfaring frå politi- og lensmannsetaten for øvrig
- Svært god kjennskap til lovverket innan etterforsking
- Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- Norsk og engelsk skriftleg og munnleg
- Gode kunnskapar i bruk av politiet sine datasystem
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne sikkerheitsklarerast på nivå HEMMELEG, jfr. sikkerhetsloven
Det er ønskeleg med:
- Relevant leiarutdanning
- Vidareutdanning innan etterforsking, herunder VEF, og særskilt ønska er vidareutdanning innan grov vald/seksuelle overgrep/tilrettelagte avhøyr
- Relevant leiarerfaring er ein fordel
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og porteføljehandtering
- Erfaring frå etterforsking av saker som omhandlar grov vald eller seksuelle overgrep
- Kjennskap til arbeid innan helse, miljø og sikkerheit
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidligare stillingar
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt stor vekt på gode leiareigenskapar herunder evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Heilskapsorientert, og kan sette retning og drive endring
- Resultatorientert og har god gjennomføringsevne i samhandling med andre
- Kreativ og løysingsorientert, og god til å sjå mogelegheiter innanfor tildelte rammer
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287) i Møre og Romsdal politidistrikt
- Stillinga blir lønna frå kr. 740 000 brutto per år
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Linn Breivik Erstad, Fung. driftseiningsleiar, 92813729Hans Martin Gridseth, Fung. seksjonsleiar, 40236218
Arbeidsstad
Storgata 436508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4706567020
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 10.10.2023
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2445478
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4d88b9f534bf4b78a758f0d2cf2f1723