Sjukepleiar 100 % stilling ved Skodje omsorgssenter
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Ådalsbakken 6, 6260 Skodje
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % stilling ved Skodje omsorgssenter
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Skodje omsorgssenter har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Arbeid i todelt turnus og med arbeid kvar 3.helg.
Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på fire avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, tre somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning.
Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av
pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss.
Skodje omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Skodje Omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har flere sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.
Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.
Ved ev. intern tilsetjing kan andre stillingsprosentar bli ledige.
Arbeidsoppgåver
- Pasientnært arbeid i somatisk avdeling og på avdeling for personar med demens
- Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga som sjukepleiar
- Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende
- Samarbeide med tilsynslegar, sjukehus og anna tverrfaglig samarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
- Beherske dei vanligaste IKT-verktøya
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
- Kan arbeide sjølvstendig og effektivt
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Vilje til å stå på
- Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for pasientane
- Du må vere strukturert og løysingsorientert
- Ha interesse og gjerne erfaring frå eldreomsorgen
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
- Kompetanseheving og fagutvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande tariff
- Gode pensjonsordninger
Kontaktinformasjon
Marianne Brandal, Avdelingsleiar, 979 64 489, marianne.brandal@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Ådalsbakken 66260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4849939765
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2732175
- Hentet fra
talentech
- Referanse
abc225fa88c74de4ba4c5f46568f4a6c