Reinhaldar
Sogndal kommune Reinhald
6856 Sogndal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar innan reinhald:
1x 50% fast
1x 50% vikariat til 31. desember 2025
Spesifiser i sjølve søknaden kva stilling du søkjer på.
Oppmøtestad er Sogndal.
Arbeidsoppgåver:
Utføra ordinært reinhald i kommunale bygg.
Utføring av periodisk og årleg reinhald.
Bruk av robotar, maskiner og utstyr.
Sørge for trygge og reine omgjevnader for tilsette og brukarar.
Bidra til å utvikla reinhaldstenesta.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som reinhaldsoperatør/reinhaldsfaget, men andre kan også søkja.
God kunnskap i norsk både skrifteleg og munnleg.
Det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
Kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre.
Er allsidig, fleksibel, serviceinnstilt og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Er grundig og effektiv.
Kan bruka digitale verktøy i arbeidet.
Har evne til å tileigna seg ny kunnskap.
Me tilbyr:
Ein spennande jobb under stadig utvikling i eit godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5bfdde70-b9aa-485b-a398-7772ad516617
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3520937_210015_nn