Byggeleiarar
Statens vegvesen
Granden 6, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Byggeleiarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Om stillinga
Statens vegvesen, Utbyggingsområdet vest, har ledige stillingar som byggeleiar innan veg/betong og tunnel for oppgradering av E16 Lærdalstunnelen. Kontorstad vil vere på anleggskontoret i Lærdal.
Vi søker byggeleiarar med brei erfaring frå bygg og anlegg. Vi har allereie tilsett ein byggeleiar elektro og ser no etter to byggeleiarar, ein med tunnelerfaring og ein med betongbakgrunn. Som byggeleiar vil du ha ansvar for dagleg oppfølging av prosjektet og levere på oppsette mål. Stillinga byr på varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit prosjekt med stram framdrift og mange parallelle aktivitetar, som krev god logistikk, planlegging og systematisk ferdigstilling.
Prosjektet er tilnærma ferdig prosjektert og konkurransen vil bli lyst ut sommaren 2025, med planlagt oppstart våren/sommaren 2026. Prosjektet blir lyst ut som ein einingspriskontrakt og kontraheringa gjennomførast som ein konkurranse med forhandling.
Lærdalstunnelen, ferdigstilt i år 2000, treng oppgradering av det elektrotekniske anlegget for å oppfylle gjeldande lover og forskrifter. Dette inkluderer sprenging for 26 nye tekniske bygg og havarilommer, bygging av 28 tekniske bygg og to reinseanlegg i betong, samt utskifting av ventilasjonsanlegg og alt teknisk utstyr. Arbeidet skal utførast sikkert og effektivt, med omsyn til trafikkavvikling. Tunnelen vil vere stengt for allmenn trafikk mellom kl. 18.00 og 06.00, men open på dagtid. Byggeleiar vil hovudsakleg jobbe dagtid, men må rekne med noko kvelds- og nattarbeid. Kontrollingeniørane i prosjektet vil jobbe skift, hovudsakleg kveld og natt.
Arbeidsoppgåver:
- Evaluere tilbod frå entreprenørar og delta aktivt i forhandlingsprosessen fram mot kontrahering
- Tett oppfølging av entreprenør i byggefasen
- Kontakt med offentlege etatar, blålysetatar, vegbrukarar og media
- Førebu og leie byggemøte, økonomimøte og andre møte
- Ansvar for at kvalitets-, framdrifts- og kostnadskontroll blir gjennomført i prosjektet
- Ansvar for HMS oppfølging
- Koordinere og fordele arbeid og ansvar til kontrollingeniørane
- Rapportere til prosjektleiar
- Jamleg kontakt med vegeigar som er drift- og vedlikehaldsdivisjonen i Statens vegvesen
Kompetansekrav
Søkjar må ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Erfaring frå anleggs- og/eller byggeleiing som omfattar tunnelbygging og/eller betongarbeid er nødvendig. Vidare må søkjar ha erfaring med oppfølging av kontraktsarbeid. God skriftleg og munnleg norsk er påkrevd. Førarkort klasse B er også nødvendig.
Det er ein fordel med god kjennskap til vegnormalar, gjeldande forskrifter og kontraktar. Byggeleiar bør også ha erfaring og kompetanse i bruk av 3D-verktøy, samt generelt god digital kompetanse. For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå arbeid i og med tunnel, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Vi legg vekt på at du er:
- Sjølvstendig og strukturert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Leiareigenskapar og at du ser medarbeidarane dine, og gir dei ansvar
- Evner å bygge tillit og skape eit godt forhold til entreprenørane
- Stor arbeidskapasitet og evne til å takle utfordringar
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekkVi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt
Prosjektsjef: Stig Berg-Thomassen, mobil 975 83 988, stig.berg.thomassen@vegvesen.no
Prosjektleiar: Susanne Svardal, mobil 951 91 861, susanne.svardal@vegvesen.no
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Sektor
Offentlig