Prosjektleiar med erfaring frå skipsbygging
Volti As
c/o Green Yard Kleven, Klubbenesvegen 39, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
VOLTI er eit rasktvaksande elektroforetak på Sunnmøre. Vi utførar elektroinstallasjon og service for skip, næringsbygg, oppdrett og industri.
Med langsiktig samarbeid med Green Yard Group, har selskapet stor aktivitet i lang tid framover. Vi søkjer difor etter fleire dyktige medarbeidarar.
Stillingstittel
Prosjektleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi ser etter personar som brenn for faget slik vi andre i Volti gjer, og som ser moglegheiter for korleis elektrotekniske system kan forbetrast både med tanke på produksjonsoptimalisering, og tekniske løysingar.
VOLTI har sett seg som mål å bidra til å gjere norsk verftsindustri konkurransedyktig med tekniske løysingar som gjer det effektivt å bygge avanserte skip i Noreg, også i framtida.
Erfaring frå faget er alltid viktig. Men vel så viktig er personlegheit og motivasjon. Difor søkjer vi også personar som ynskjer å lære meir om elektrofaget og har eit ynskje om å bidra til å utvikle miljøteknologi ombord i skip, samt andre elektrotekniske løysingar til skip.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver for prosjektleiar vil vere:
-
Planlegging og gjennomføring av prosjekt
-
Teamleiing og ressursallokering
-
Kvalitetskontroll og oppfølging
-
Kundekommunikasjon og samarbeid
-
Rapportering og dokumentasjon
Som Prosjektleiar i Volti AS vil du spele ei viktig rolle i å sikre vellykka gjennomføring av elektroprosjekt og oppretthalde høg kvalitet og kundetilfredsheit.
Vi tilbyr
VOLTI er eit selskap med store planar, og har fått godt fotfeste i den maritime næringa. Her vil ein person som søkjer fagleg og personleg utvikling finne ein god arene saman med likesinna som heile tida jobbar for å sikre optimaliserte arbeidsprosessar og gode løysingar for våre kundar.
VOLTI har gode lønsvilkår, arbeidsvilkår, forsikrings- og pensjonsordningar.
Arbeidet vil i hovudsak foregå på Green Yard Kleven i Ulsteinvik. Arbeid på skip rundt i verda ellers vil kunne vere aktuelt.
Kontaktperson for stillingen
Severin Gjerde
Dagleg leiar/elektroinstallatør
Om bedriften
VOLTI AS er eit teknologisk selskap etablert i Ulsteinvik, med automasjons-avdeling i Hovdebygda (Ørsta), og elektro-avdeling i Ulsteinvik.
Ved å bringje framtidsretta og berekraftige løysingar til maritim næring vil Volti bidra til å styrkje konkurranseevna til verftsindustrien og utstyrsprodusentar i Noreg, samt syte for at kundar får dra nytte av ny teknologi til å betre sine prosessar og dermed effektivisere sitt arbeide for å auke eigen produktivitet og kvalitet.
VOLTI er registrert elektroinstallatør og ekom-installatør.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2920995
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5bd30e74-351a-4eba-aa2d-8857914635a7