ID 2390 Helsefagarbeidar natt/kveld i avd. Saghaugen - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus, natt og kveld, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Saghaugen er eit bufellesskap med 6 bustadar som ligg sentralt i Leirvik. Saghaugen bustadar er organisert saman med Kjøtteinsvegen bustadar og har felles leiar. Det er personalbase knytt til bustadane, og avdelinga gir heildøgns omsorg til bebuarar som har behov for det. Bebuarane har individuelle vedtak om helsehjelp.
Avdeling Saghaugen har ledig fast 80% stilling for helsefagarbeidar på natt og kveld frå 15.12.25.Stillinga har arbeid i snitt kvar fjerde helg. Det er mogleg å få høgare stilling gjennom å kombinera med kveldsvakter i Eining for habilitering sin ressursstab.
Mål for avdelinga er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim, gje god dagleg omsorg og sosial støtte, leggje til rette miljøet for eigenmestring og bidra til godt samarbeid med pårørande. Som nattevakt har du ansvar for å følgje opp bebuarane gjennom natta, både pleie og omsorg og medisinsk oppfølging
Kvalifikasjonskrav:- 
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. 
- 
Søkjarar med anna helsefagleg utdanning vil bli vurdert 
- 
Barne- og ungdomsarbeidar eller assistentar med god relevant erfaring kan vurderast til stillinga. 
- 
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. 
- 
Det må leggast fram godkjent politiattest av nyare dato (maks 3 mnd) 
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på ved tilsetting
Me kan tilby:- 
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø 
- 
Godt arbeidsmiljø 
- 
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm. 
- 
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk 
- 
Offentleg tenestepensjon 
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Ass.avd.leiar Siv Hilde Solsvik, tlf 952 83 667 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, 975 52 097
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 5bb86d0b-6de6-4877-adcd-89d207cecbb9 
- Sist endret
- 31. oktober 2025 
- Hentet fra
- Stillingsregistrering 
- Referanse
- 5bb86d0b-6de6-4877-adcd-89d207cecbb9 
Lignende annonser
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Helsefagarbeidar, sjukepleiarstudent
Arbeidsgiver
Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDA
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Hyllestad Eiklund Sjukeheim
Sted
Sørbøvåg