Du veit kor viktig reinhald er – det gjer vi òg
Reinhaldar Husøkonomi Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Om jobben
- Stillingstittel
- Reinhaldar
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
For oss betyr reinhald meir enn blanke golv – det handlar om tryggleik, trivsel og eit godt miljø for pasientar, tilsette og besøkande. Det vi gjer, har stor verdi.
Du får opplæring i smittevern, ergonomi og arbeidsmetodar, og du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå ulike land.
Vi jobbar tett saman, hjelper kvarandre og sørgjer for at sjukehuset er trygt og reint kvar dag.
Likar du fysisk arbeid og å gjere ein viktig jobb som betyr noko for mange? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Helse Fonna HF er i ei spennande teknologisk utvikling, og har i første omgang innført digital reinhaldsplan med nettbrett som verktøy for den einskilde reinhaldar. Stillingane er dagstillingar med arbeidstid på 37,5 timar per veke. I 100 % stilling inngår arbeid kvar tredje lørdag.
👉 Klikk på søkeknappen – vi ser fram til å få deg med på laget!
Kva går jobben ut på?
- Dagleg og periodisk reinhald på ulike rom og område på sjukehuset
- Reinhald ved smitte og akutte behov
- Du må kunne bruke kroppen aktivt i arbeidet – det er viktig at du trivst med fysisk arbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Erfaring frå reinhald og kjennskap til sjukehushygiene er ein fordel.
- Det er positivt om du har fagbrev i reinhald, men det er ikkje eit krav.
- Kjennskap til INSTA 800 eller tilsvarande er ein fordel.
- Du må kunne forstå og snakke norsk godt nok til å gjere ein trygg og god jobb.
- Du må kunne bruke enkle dataverktøy, for eksempel til å registrere oppgåver.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- gjer deg ferdig med oppgåvene og passar på at det er reint etterpå
- likar å jobbe saman med andre, men klarer òg å jobbe aleine
- viser respekt for pasientar og kollegaer, og bryr deg om at dei har det trygt og reint
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med kollegaer frå ulike land og kulturar – vi hjelper kvarandre og jobbar som eit lag.
- Opplæring i korleis vi vaskar på sjukehuset, og i smittevern, ergonomi og HMS.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Bente Furrebøe, Avdelingsleiar, +47 53651097Arbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5078102134
Stillingsprosent: 100, 90%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Bente Furrebøe
Avdelingsleiar
+47 53651097
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5b90686c-7e90-4632-99f5-50a981033ee7
- Sist endret
11. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3a8351b45b5d4057bec73e45a363d868
Lignende annonser
Kjøkken, reinhald, drift- og vedlikehold
Arbeidsgiver
Drift Odda sjukehus
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Reinhald
Sted
Odda
Renholder (virksomhet /privat)
Arbeidsgiver
Rtbc Rigg Og Renhold As
Sted
Vestland