ID 2225 Fastlegeavtale Leirvik legekontor - Legetenester
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fastlegeavtale, Fastlege
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stord kommune søker ein fastlege til ledig heimel ved Leirvik legekontor i kommune-senteret Leirvik. Leirvik legekontor er eit godt etablert kontor med erfarne og stabile kollegaer og med tre private heimlar.
Leirvik legekontor er lokalisert sentralt i Leirvik, og er ein veldriven 3-legars praksis. Det er same fastlege som har hatt ansvar for lista sidan oppretting av fastlegeordninga i 2001. I eit miljø med gode og erfarne kollegaer vil du oppleve ein meiningsfylt kvardag, fagleg utvikling og trivsel. Fastlegen går inn i eksisterande samarbeidsavtale mellom legane ved det aktuelle kontoret.
Stord kommune tilbyr- Å overta ein stabil fastlegeheimel med om lag 1300 trivelege innbyggarar.
- Ved å overta heimelen kan du vera med å utvikla din eigen arbeidsplass saman med erfarne kollegaer som begge er spesialistar i allmennmedisin.
- Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar
- Deltaking i vaktordning ved Sunnhordland interkommunale legevakt (SIL) kveld og helger (Sunnhordland interkommunale legevakt IKS - Stord kommune).
- Legevakta er eit samarbeid mellom tre kommunar (Bømlo, Stord, Fitjar) med i alt 31000 innbyggjarar.
- Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale vegg i vegg med Stord sjukehus og ambulanse.
- Eiga daglegevaktordning der vaktene rullerer mellom legesentera.
- Kommunen har vedteke tiltak for å stabilisera fastlegetenesta i form av kommunalt basistilskot, etableringstilskot, kompensasjon for fråvær ved sjukt barn og kompensasjon for deltaking på kurs.
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 i Noreg.
- Refusjonsrett frå Helfo.
- Spesialist i allmennmedisin, under spesialisering eller vil begynne på denne.
- Gode samarbeidsevner.
- Godt norsk språk og god kulturforståing.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar ASA 4310. Det må leggjast fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Vilkår ved arbeid på legevakt i tråd med tariff og gjeldande pensjonsavtale.
Kommunen er godkjend utdanningsverksemd for ALIS, og tilbyr rettleiing og supervisjon frå røynde legar til ALIS. Næringsdrivande ALIS-lege får dekka utgifter til vidare- og etterutdanning.
For ytterlegare opplysingar om stillinga:
Leirvik legekontor v/ fastlege og heimelshavar Agnar Aasheim, tlf. 971 61 048, e-post: agnaraa@online.no
Kommuneoverlege Petra Turet Olsen, tlf. 456 54 671, e-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no
Kommunalsjef Anne Karin Fossdal, tlf. 907 62 789, e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateken frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2687447
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5b87a739-09d3-4de3-9608-95b2f81be11f