Rådgjevar Geodata
INV - Geodata, Vestland fylkeskommune
Bergen, Sogndal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar Geodata
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet.
Avdelinga infrastruktur og veg skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg, og ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Me skal samordne aktørar med ansvar for trafikksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og
miljøvenleg vegsystem som dekkar samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.
I Geodataseksjonen er me 10 medarbeidarar som arbeidar med GIS, Nasjonal vegdatabank, Trafikktelling og digitalisering. Me er fordelt på kontorstadane Leikanger og Bergen. Me søkjer no etter rådgjevar i fast stilling med kontorstad Bergen eller Leikanger
Arbeidsoppgåver
- Vere med og implementere og vidareutvikle verktøy for prosjektoversikt, prosjektstyring og datalagring.
- Samarbeide med interne aktørar for å forbedre prosjektflyt og dataflyt i ulike prosjekt.
- Delta i prosjekter knytta til digitalisering av oppgåvene våre.
- Holde seg oppdatert på trendar og teknologi innan prosjektstyring, digitalisering og datalagring.
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan geografi, geomatikk, IT eller tilsvarende er ønskjeleg, helst på masternivå.
- God kjennskap til programvare som Jira, FME og ArcGis er ein fordel.
- Kjennskap til programmering i Python
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe godt i team og samarbeide, samt til å arbeide sjølvstendig, ta ansvar for eigne oppgåver og levere resultat.
- Oppmerksomheit på detaljar for å sikre kvalitet og nøyaktigheit i datahåndtering og analyse.
- Fokusert på å forstå og møte behova til brukarane.
- Gode analytiske evner og problemløysningsorientert.
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling.
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid og sommartid.
Kontaktinformasjon
Jan Ove Stadheim, Seksjonsleiar, 99519864, jan.ove.stadheim@vlfk.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4946122215
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5b6bedb1-894b-49da-b699-40e2d4a3244c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
74343c52f15e40b4b5814a89b2a8163a