Kartverket Ullensvang treng ferievikarar
Kartverket
5780 Kinsarvik
Om jobben
Stillingstittel
Kartverket Ullensvang treng ferievikarar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
5
Frå sjø til land. Frå dei djupaste havbunner til verdsrommet heilt ytterst. Kartverket er Statens fagorgan for kart, geodata og informasjon om eigedom. Vår oppgåve er å byggja og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land samt arbeida saman med kommunar, statlege organ og private aktørar. Vår jobb er å gjera det enkelt å samla, bearbeida og dele stadfesta informasjon.
Vi har 13 kontorstader frå sør til nord samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Avdelinga i Ullensvang har ansvaret for kundesenteret til Kartverket og me treng hjelp i sommar. På kundesenteret er me dagleg i kontakt med ulike kundar og brukergrupper. Dei fleste vil prata med oss på telefonen, medan nokre tek kontakt via e-post eller nettprat. Me rettleier i tinglysingsaker, og hjelper den enkelte med informasjon om saker knytt til eigedom og elles det meste som me i Kartverket arbeider med.
I avdelinga er me 45 medarbeidarar som arbeider fast her, men gjennom
ferieavviklinga treng me å ha eit godt team med vikarar som du også arbeider saman med.
Vårt primære behov for hjelp er i tidsrommet juni til slutten av august.
Det er derfor svært viktig at du skriv kva tidsrom du kan arbeide i.
- Arbeide på kundesenteret og svare på henvendelsar som kjem inn via telefon.
Å svare på nettprat eller e-post kan også bli aktuelt - Andre oppgåver kan også bli pålagt
- Du må ha gjennomført vidaregåande skule og vera over 18 år. Det er ei ekstra føremon om du har starta på høgare utdanning
- Det er ynskjeleg med utdanningsløp frå juss, samfunnsfag eller anna relevant studieretning
- Det er ein fordel med erfaring frå tinglysing, eller anna relevant erfaring
- Du må ha god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- Du må vera nøyaktig, grundig, pliktoppfyllande og fleksibel
- Du må ha gode samarbeidsevner
- Du må kunne arbeida effektivt og trivast i et til tider travelt miljø
Ønsker du mer informasjon om stillingene, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Marita Århus 941 59 478
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på denne siden.
Om bedriften
Vi ynskjer å vera ein inkluderande arbeidsplass der vi gjenspeglar mangfoldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løysa vårt samfunnsoppdrag. Vi ynskjer difor at alle kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av redusert funksjonsevne, innvandrarbakgrunn, hull i CV-en eller av ulike årsaker ikkje kan dokumentera ein samanhengande yrkeskarriere.
For at du skal bli vurdert som søkar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lesa meir om dette på http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Regelverket stiller krav til både verksemd og søkarar når det gjeld «positiv særbehandling ved jobbsøk i Staten».
Les meir om Kartverket på vår heimeside: www.kartverket.no
Sektor
Privat