Ingeniør vatn og avløp
Sogndal kommune Vatn og avløp
6856 Sogndal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Vil du jobbe med berekraftige løysingar og ha ein jobb som verkeleg betyr noko?
Me i Sogndal kommune søkjer ein engasjert og dyktig Ingeniør/ medarbeidar i eininga for vatn og avløp. Dette er ein unik moglegheit til å påverke framtidas infrastruktur og miljøløysingar i regionen vår.
Du får ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med berekraftige og framtidsretta løysingar for vassforsyning og avløp.
Kven ser me etter?
Me trur du har følgjande kompetanse og erfaring:
* Ingeniørutdanning, gjerne innan vatn- og avløpsteknikk, bygg og anlegg eller tilsvarande
* Kan bistå prosjektavdelinga med VA arbeide
* Samarbeide og guide med driftseininga
* Saksbehandling innafor tema vatn og avløp.
* God til å kommunisere på norsk både munnleg og skriftleg
* Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring
* Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
* Du må meistre å nytte data som arbeidsverktøy
Dette får du hjå oss:
Ein spennande og meiningsfull jobb – bidra til samfunnsnyttige løysingar.
Eit godt arbeidsmiljø – trivelege og dyktige kollegaer som deler kunnskap og erfaring.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling – kurs, opplæring og etterutdanning.
Ein fantastisk plass å bu og jobbe – kombiner ein spennande karriere med friluftsliv og høg livskvalitet i vakre Sogndal.
Kvifor søkje denne stillinga?
✔ Gjer ein forskjell – du blir ein nøkkelperson i arbeidet med reint vatn og gode avløpsløysingar for innbyggjarane våre.
✔ Varierte og utfordrande oppgåver; kombiner planlegging, prosjektleiing og praktisk oppfølging.
✔ Eit sterkt fagmiljø – du blir ein del av eit inkluderande og kompetent team som deler kunnskap og erfaringar.
Har du spørsmål?
Kontakt tenesteleiar Torgeir Bang på telefon 900 21 120.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2922485
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3494929_218979_nn