Fagkonsulent/Vernepleiar/ Bachelorutdanna fagperson med vidareutdanning i psykisk helse
HAVO ambulant og poliklinikk, Helse Bergen HF, Rehabiliteringsklinikken
Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagkonsulent/ vernepleiar med vidareutdanning eller erfaring
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. august
Habiliteringsavdelinga for vaksne er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som òg omfattar Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.
HAVO gir tenester til vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er både spennande og variert, og har berøringspunkt mot fleire andre spesialområde. Oppfølginga av pasientar skjer ofte i tett samarbeid med kommunale tenester, pårørande, psykisk helsevern og andre einingar i spesialisthelsetenesta. Dei sentrale arbeidsoppgåvene i HAVO er utgreiing, rettleiing og behandling, samt vurdering og rådgiving i tråd med Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot personar med utviklingshemming og autismespekterforstyrringar, som i tillegg kan ha psykiske helseutfordringar og åtferd som utfordrar. Problemstillingane er ofte komplekse og samansette, og krev tett, tverrfagleg samarbeid – særleg med psykolog og overlege.
Vi søkjer vernepleiar eller annan relevant bachelorutdanna fagperson. Til denne stillinga er det yngjelige helst med vidareutdanning innan psykisk helse eller åtferd som utfordrar. Vi legg vekt på at du har brei erfaring frå målgruppa og eit tydeleg engasjement for fag- og kompetanseutvikling. HAVO har lovpålagt ansvar knytt til oppfølging etter kapittel 9 i Helse- og omsorgstenestelova, og det er derfor viktig med god forståing for regelverk og praktisk lovanvending.
HAVO er samansett av eit tverrfagleg team med overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, pedagogar, fysioterapeutar og sekretærar. Vernepleiarane utgjer den største faggruppa. Vi arbeider både ambulant og poliklinisk, og disponerer eigne tenestebilar.
Avdelinga held til i Olav Bjordals veg 29 på Breistein, med gode parkeringsmoglegheiter. Hausten 2028 skal avdelinga flytte til nye lokale og samlokaliserast med resten av ReHabiliteringsklinikken på Nordås.
Stillinga er ledig frå snarast, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og rettleiing knytta til ulike åtferdsutfordringar og psykiske helseplagar
- Rettleiing i miljøterapeutiske tiltak
- Bidra i vidareutvikling av fagområde
- Beandlingsplanar
- Bidra til gode løysingar i komplekse pasientsaker, i samarbeid med fleire eksterne instansar
- Tverrfagleg arbeid med andre fagkonsulentar, psykolog og legar i komplekse sakar
- Bistand til kommunar ved utarbeiding av tiltak etter Helse- og omsorgstenestelova Kap. 9
- Kurs- og undervisingsoppgåver intern og eksternt
Kvalifikasjonar
- Solid erfaring frå klinisk arbeid med målgruppa: Utviklingshemming, autisme, åtferd som utfordrar og psykiske vanskar
- Erfaring frå arbeid med komplekse problem for og med tenester for utviklingshemma
- Kompetanse på kartlegging og tiltak ved utfordrande åtferd og psykisk uhelse
- God kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova Kap 9
- Relevant vidareutdanning/mastergrad
- Erfaring med rettleiing i direkte og indirekte miljøterapeutiske tiltak
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Kunne arbeide målretta og sjølvstendig
- Fagleg engasjement
- Eignaheit vil bli vektlagt
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere ein god teamarbeidar
- Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Varierte og spennande oppgåver
- Tverrfagleg samarbeid, internt og med andre deler av spesialisthelsetenesta
- Fagutvikling
- Mentordning
- Stabilt og triveleg arbeidsmiljø
- Fleksitidsavtale /dagtid, fri høgtidar
- Gode parkeringsforhold
Det krevs gyldig politiattest ved tilsetjing.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, +47 95197626
Arbeidsstad
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5152833050
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Beate Kristin Lilleheil
Seksjonsleiar
+47 95197626
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5b032c9e-1806-4a71-90f8-b301796f0845
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c33276e9a8f842b49f66a0facecd6ad6